Språkdagen 2015 – Språkleg mangfald i framtidas skole 

No image

(11.9.15) Språkdagen nærmar seg, og i år står språkopplæring i skolen på timeplanen. Kva for kompetanse treng elevar i norsk og i andre språk for å greie seg i samfunnet i framtida? Kva krev samfunnet at elevane kan? Bør norsk språkpolitikk få konsekvensar for praktisk utdanningspolitikk?

Hovudinnleiar er Kjell Lars Berge, professor i tekstvitskap ved Universitetet i Oslo. Fleire skoleforskarar og skolefolk kjem for å diskutere skolepolitiske og språkpolitiske problemstillingar. Blant anna får vi besøk av professor i lingvistikk ved Universitetet i Edinburgh, Antonella Sorace. Eit britisk blikk på språk, opplæring og forventingar frå samfunnet til framtidas arbeidstakarar kan gje oss nye perspektiv på vår eigen skolepolitikk, med Kunnskapsdepartementets nye NOU om nettopp framtidas skole som bakteppe.

Språkdagen blir opna av Trond Giske, leiar i utdanningskomiteen på Stortinget. Konferansier er Herborg Kråkevik.

Dato for arrangementet er 18. november. Konferansen blir halden i Oslo konserthus’ lille sal.

Følg med på Språkrådets nettsider for meir informasjon om program og påmelding.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter