No kan du skrive «eit kompliment»

(11.12.15) Språkrådet gjer fleire normeringsvedtak i løpet av året. Her får du eit oversyn over vedtak vi har gjort i 2015.

Eit ord som podkast/poddkast har til no ikkje hatt noka offisiell rettskrivingsform på norsk. Det same gjeld ordet nikab. Kviss har kome inn som alternativ til quiz. Det inneber at begge skrivemåtane frå i år av er tillatne i normert skriftleg norsk.

Desse vedtaka er tre av fleire Språkrådet har gjort i løpet av året.

- Vi har lang tradisjon for å bruke norsk skrivemåte på låneord som etablerer seg i språket vårt, og desse vedtaka føyer seg dermed fint inn i rekka, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

I 2015 har Språkrådet òg vedteke at internett kan skrivast med enten liten forbokstav eller stor, og at det i skrift frå no av kan heite eit kompliment eller ein kompliment.

- Desse vedtaka er døme på at språkbrukarane er med på å forme skriftspråket. Mange skriv internett og gjev andre eit kompliment, og det har bidrege til at formene har kome inn i rettskrivinga, seier Wetås.

Her er heile lista over normeringsvedtak Språkrådet har gjort i 2015.

VEDTAK SOM GJELD BEGGE MÅLFORMENE
Før: Endring: No:
Internett valfri stor eller liten forbokstav Internett eller internett
quiz valfri fornorska skrivemåte kviss eller quiz
nynorsk: ein kompliment, komplimenten valfritt inkjekjønn eller hankjønn

nynorsk: ein kompliment, komplimenten eller
eit kompliment, komplimentet

bokmål: en kompliment, komplimenten bokmål: en kompliment, komplimenten eller et kompliment, komplimentet
unormert norsk skrivemåte nikab
unormert norsk skrivemåte podkast eller poddkast
VEDTAK SOM BERRE GJELD NYNORSK
Substantiv
Før: Endring: No:
tyngd tyngde blir alternativ form ei tyngd eller ei tyngde
sidd sidde blir alternativ form ei sidd eller ei sidde
VEDTAK SOM BERRE GJELD BOKMÅL
Alle endringane gjeld såkalla s-verb (til dømes å fødes, å høres). Dei fleste av dei vedtekne formene er sjeldne i bruk. Endringane ligg her.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:11.12.2015 | Oppdatert:11.12.2015