Nikab og kviss: nye stavemåtar

No image

(28.8.15) Styret i Språkrådet har vedteke normert skrivemåte for orda nikab og kviss. Nikab skal skrivast med k, medan kviss kjem inn som jamstilt skrivemåte i tillegg til quiz.

Nikab er eit slags slør som dekkjer andletet med unntak av auga. Det blir brukt av ein del muslimske kvinner når dei ferdast ute blant folk. Ordet kjem frå arabisk, der den lyden vi skriv k, blir uttala ved at ein lagar eit stengsel mellom drøvelen og bakre delen av tunga. I norsk har vi ingen tradisjon for å skilje mellom ulike k-lydar i ord frå arabisk; k-lydane i nikab, kalif og kafir blir skrivne og uttala ulikt på arabisk, men på norsk skriv vi k heile vegen.

Ordet kviss (eller quiz) har vi frå engelsk, og det finst på trykk i norsk så tidleg som i 1940-åra. Det blei lenge først og fremst brukt om gjetteleikar og spørjetevlingar i radio og fjernsyn, men i dag er det ei vanleg nemning på spørjetevlingar av alle slag. Ordet har lenge stått i ordbøkene, men då berre med den engelske stavemåten quiz. Data frå fleire tekstbasar viser at stavemåten kviss er blitt vanlegare dei siste åra, sjølv om han altså ikkje har stått i ordbøkene. Språkrådet meiner det er god grunn til å ta kviss inn i varmen som normert form. Kviss høver med prinsippet vi har om størst mogleg samsvar mellom skrift og uttale og fjernar samstundes all tvil om korleis dei bøygde formene av ordet skal skrivast. Stavemåten quiz blir ikkje teken bort, ettersom han er godt etablert. Om kviss vinn terreng i framtida, kan det hende det blir grunnlag for å fjerne quiz.

Orda nikab og kviss/quiz er oppførte i Nynorskordboka og Bokmålsordboka med stavemåte og bøying i tråd med den offisielle norma.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter