Lett på tåkesløret

(16.2.15) Statleg tåketale kan vere komisk, men er mest tragisk. For språk skal opne dører for folk, ikkje stenge dei.

Kronikk i Bergens Tidende av Kristin Solbjør, seksjonssjef i Språkrådet

For ei tid tilbake fekk Språkrådet brev frå ein ungdomskontakt i Konfliktrådet. Ein av ungdomane «hans», ein 18-åring frå Vest-Afrika, hadde fått eit statleg brev der han vart beden om å sende inn nokre opplysningar. Brevet var så uklart formulert at det var uråd både for guten, familien hans og den norskfødde, journalistutdanna ungdomskontakten å forstå kva som skulle sendast når, til kven og kvifor. Den alvorlege konsekvensen kom heller ikkje fram: Om guten ikkje sende inn opplysningane i tide, ville han bli skriven ut av folkeregisteret og utvist frå landet. Og fristen var farleg nær. Etter dagar på telefonen med ulike instansar kunne ungdomskontakten melde guten at det mellombelse opphaldsløyvet var forlengt.

Irritasjon og uvisse

Når det offentlege skriv til oss, gjeld det ofte saker som har stor innverknad på kvardagen vår. Kva pensjonsrettar har eg? Kva krev Nav at eg skal gjere for å få stønad? Korleis søkjer eg om byggjeløyve? Mange av oss har vore i tvil om kva kommunen eller eit statsorgan prøver å seie i brev og andre tekstar.

Debattinnlegg om kor dårleg det står til med rettskrivinga, er ein gjengangar i avisene. Korrekt språk er sjølvsagt viktig, men stavefeil og kommafeil er ikkje den største trusselen mot god kommunikasjon. Byråkratisk tåkeprat er eit langt større problem. Uklart språk skaper irritasjon og uvisse. Det er også ein tidstjuv: Mistydingar og auka behov for rettleiing gjer at både folk og forvaltning må bruke meir tid på å få gjort det dei skal.

Demokratisk problem

Men uklart offentleg språk er framfor alt eit demokratisk problem. I alle demokratiske samfunn må det vere mogleg for folk å forstå offentleg informasjon. Det er ein føresetnad for å kunne delta i og påverke saker som vedkjem ein sjølv. Eit godt offentleg språk – klarspråk – er avgjerande for tilliten til styresmaktene. Med klarspråk meiner vi her korrekt, klart og mottakartilpassa språk i tekstar frå det offentlege. Ein tekst er skriven i klarspråk dersom mottakarane raskt finn det dei treng, forstår det dei finn, og kan bruke det dei finn, til å gjere det dei skal.

Kvifor tåketale?

I dei aller fleste tilfelle har styresmaktene mykje å vinne på å uttrykkje seg klart og forståeleg. Likevel vert det produsert uhorvelege mengder tåketale. Kvifor?

Det er ikkje alltid mogleg å uttrykkje seg krystallklart. Styresmaktene må ofte handtere komplekse saker, og det kan vere mange grunnar til at tekstar blir prega av tungt fagspråk, atterhald og runde uttrykksmåtar. Det er òg vanskeleg å lausrive seg frå ein innarbeidd skrivestil. Kort sagt, mange skriv komplisert av gamal vane. Somme har nok òg ei kjensle av at «vanskelege» ord og innfløkte setningar gir status og sender signal om fagleg dugleik eller autoritet. Dessutan er ein del fagfolk skeptiske til klarspråk fordi dei meiner fagfeltet deira er for komplekst til å kunne formidlast enkelt. Men det er ein myte at klarspråk er eit overforenkla språk som er reinska for faguttrykk.

Auga til mottakaren

Målet med klarspråksarbeid er ikkje å gjere språket så enkelt at nyansane og presisjonen går tapt, men å gjere språket enklare å forstå. Ein må med andre ord sjå teksten med auga til mottakaren. Kva er den sentrale bodskapen i teksten? Kva må mottakaren i det minste få med seg? Kva for ord må forklarast? Fagfolk skriv ofte for andre fagfolk. Då kan teksten vere spekka med faguttrykk, og det er likevel klarspråk for mottakaren. Det offentlege derimot skriv som oftast til ei breitt samansett gruppe. Då er det naudsynt å hugse at mottakarane har ulik bakgrunn og ulik fag- og språkkunnskap. Språket må tilpassast, elles kjem det i vegen for bodskapen.

Avstand mellom skrivar og lesar

Uansett kva som er årsaka til tåkespråket, er det stor avstand mellom den oppfatninga brukarane har av forvaltningsspråket, og det synet forvaltninga sjølv har på språkbruken sin. Den statlege innbyggjarundersøkinga i 2009 viste at svært mange meiner at brev, skjema og brosjyrar frå det offentlege er vanskelege å forstå. Samstundes viste ei undersøking som Språkrådet fekk utført i 2012, at ni av ti statstilsette meiner at dei sjølve skriv godt og klart nok.

På rett veg

Dei siste åra har vi likevel sett at offentlege verksemder har vorte meir merksame på kor viktig det er å uttrykkje seg forståeleg. Saman med Direktoratet for forvalting og IKT (Difi) har Språkrådet sidan 2008 arbeidd systematisk for å få bukt med tåkespråket i offentleg forvaltning. Med støtteordning, nettside (www.klarspråk.no), verktøy, delingskultur, kurs og seminar har vi følgt meir enn 50 statsorgan gjennom små og store språkprosjekt. Sidan 2011 har Språkrådet òg vore engasjert i arbeidet med språk i lover og forskrifter og i digitale tenester. No ser vi at private verksemder kjem etter i klarspråksarbeidet. I næringslivet speler det økonomiske argumentet ei større rolle. Klarspråk sparar tid og pengar. Dårleg kommunikasjon er dårleg butikk.

Attende til guten som ikkje hadde skjønt at opphaldsløyvet hans var i fare. «Flaks at han hadde meg», skriv ungdomskontakten hans til Språkrådet. Skal det vere flaks som avgjer? Sjølvsagt ikkje. Difor held Språkrådet fram klarspråksarbeidet. Vi vil hjelpe det offentlege å lette på tåkesløret.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2015 | Oppdatert:28.08.2015