Kven får Språkprisen 2015?

(12.11.15) Alfred Fidjestøl, Kristin Fridtun, Erna Osland, Morten Søberg, Øyvind Vågnes og Einar Økland er nominerte til Språkprisen 2015, som blir delt ut 18. november. I år går prisen til ein nynorskforfattar.

– Lista over nominerte til Språkprisen 2015 viser at ein finn godt nynorsk språk i alle sjangrar av sakprosa, skriven av både yngre og eldre og kvinner og menn. Det er eit godt teikn for framveksten av den nynorske sakprosaen, uttalar juryleiar Kjartan Vevle.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter