Har du kandidatar til Språkprisen 2015?

(29.4.15) Kjenner du til leseverdige tekstar eller skrifter som fleire burde få høyra om? I så fall kan du føreslå dei for Språkrådet, som kvar haust deler ut pris for framifrå bruk av norsk i sakprosa. I år går prisen til nokon som skriv nynorsk.

Sakprosa femner vidt, frå brosjyrar og vekeblad til nettstader og akademiske avhandlingar, frå lærebøker til pamflettar. Prisen kan gjevast for einskilde verk eller produksjonar frå dei siste fem åra og kan gå til einskildpersonar eller grupper. All tekst som høyrer til under kategorien sakprosa, kan vurderast.

– Språkprisen skal løfta fram den gode formidlaren, han eller ho som evnar å uttrykkja seg slik at vi som lesarar både vert nysgjerrige og får ny kunnskap. Eller kanskje vi også kan verta utfordra av nye tankar og nye idear? Vinnarane av språkprisen held eit høgt språkleg nivå, seier juryleiar Kjartan Vevle.

Prisen skal delast ut på Språkdagen 18. november 2015.


Kontakt

Juryleiar Kjartan Vevle, tlf. 916 49 574

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:29.04.2015 | Oppdatert:28.08.2015