Framgang i målbruken i staten

(17.12.14) Staten har eit godt stykke att før krava i mållova er nådde. Det er likevel teikn til framgang. Det viser tala frå Rapport om målbruk i offentleg teneste 2013, som Språkrådet har laga på oppdrag frå Kulturdepartementet.

Rapporten viser at mange statsorgan bryt lovkravet om at dei skal ha minst 25 % av både nynorsk og bokmål på nettsider og i andre tekstar til publikum. Men sjølv om målbruken i staten framleis ikkje oppfyller krava i mållova, er det ei positiv utvikling på fleire felt. Særleg er det verdt å trekkje fram språket i sosiale medium, der mange statsorgan har gjort ein god innsats.

Sosiale medium

– Statsorgana kommuniserer stadig meir på sosiale medium, derfor er det positivt at fleirtalet er medvetne om at mållova gjeld også når dei vender seg til publikum på Twitter og Facebook, seier Kristin Solbjør, seksjonssjef i Språkrådet.

Sjølv om fleire statsorgan er på rett veg, viser tala frå 2013 at det framleis vert skrive for få tekstar på nynorsk. Blant statsorgana som jamleg leverer rapportar og tiltaksplanar, opplever Språkrådet likevel at det vert gjort endringar til det betre.

Leiaransvar

– Vi ser at statsorgan som arbeider systematisk med målbruk, får gode resultat, seier Solbjør. Ho strekar under at målbruk er et leiaransvar. Leiarar som gjer det klart at reglane i mållova skal følgjast, og som får på plass rutinar for dette, lukkast.

– Dessverre er det ikkje alle statsorgan som har tatt tak i problema dei har med å følgje mållova. Staten er pålagd å følgje regelverket og skal ta dei språklege rettane til folk på alvor. Framgangen vi har sett på dette feltet, er positiv, og vi vonar å sjå at han held fram, seier Solbjør.

Rapporten inneheld tal frå 141 statsorgan.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter