Fire millionar kroner til språktiltak

(3.7.15) Kulturdepartementet lyser ut fire millionar kroner i prosjektmidlar til oppfølging av språkmeldinga.  Språket er vårt viktigaste kulturuttrykk og identitetsmerke, seier kulturminister Thorhild Widvey.

 Eg ønskjer med denne utlysinga å stimulere til prosjekt som kan medverke til å sikre posisjonen til det norske språket som samfunnsberande språk. Vi vil òg vurdere søknader som gjeld nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk, seier kulturminister Thorhild Widvey vidare.

Dei fire millionane kjem i tillegg til eigne midlar Språkrådet forvaltar for å samle inn stadnamn.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter