Fagtermar i kjønnsforsking

(14.1.15) Språkrådet støttar fagmiljøet i kjønnsforsking med midlar til å drive terminologiarbeid.

Språkrådet lyste ut midlar til terminologiarbeid i universitets- og høgskulesektoren i 2014. Av dei ni prosjekta som søkte, valde Språkrådet å støtte prosjektet «Fagtermar i kjønnsforsking». Prosjektet er toårig og varer frå 2015 til 2016. Støtta er på 100 000 kroner for kvart av dei to åra.

Formål

Formålet med prosjektet er å samle inn og gjere tilgjengeleg norskspråkleg terminologi på fagområdet kjønn. Studentar er peikte ut som ei særleg viktig målgruppe. Prosjektgruppa er sett saman av kjønnsforskarar frå fleire universitet.

Støtte til norsk fagspråk

Språkrådet ønskjer å styrkje norsk fagspråk og terminologi i universitets- og høgskulesektoren. Støtta til terminologiprosjektet i kjønnsforsking er eit viktig tiltak for at norsk språk kan nyttast av studentar, undervisarar og forskarar i faget. Det vert lettare for studentar å skrive oppgåver på norsk samstundes som forskarar lettare kan formidle forskingsresultata sine til ålmenta.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter