Bli med på samtale om teiknspråk!

No image

(24.3.2015) Korleis kan vi legge til rette for at norsk teiknspråk blir meir synleg og får høgare status? Kva for utfordringar møter vi, og korleis kan alle bidra? 9. april er alle velkomne til samtale og debatt om dette i Trondheim.

Arrangørar: Språkrådet, Forening for norsk tegnspråk, Trondheim døveforening og Foreningen hørende barn av døve – Coda Norge.

Tid: torsdag 9. april klokka 19.00–20.30
Stad: Verkstedhallen, Lobbyen i Trondheim

Førebels panel:

  • Tore Solem, leiar i Trondheim døveforening
  • Torill Ringsø, leiar i Foreningen hørende barn av døve – Coda Norge
  • Anna-Lena Nilsson, professor ved Høgskolen i Sør-Trøndelag
  • Sonja Myhre Holten, seniorrådgivar i Språkrådet
  • Terje Woldseth, fagansvarleg ved Rådgjevingskontoret for døve og døvblinde
  • Sidsel Holiman, seksjonsleiar, Statped Midt
  • Sissel Trønsdal, kommunalråd, Trondheim kommune

Representantar frå Musea i Sør-Trøndelag og Statped Midt er også invitert.

Leiar for paneldebatten:

  • Paal R. Peterson, leiar i Forening for norsk tegnspråk (Fonts)

Arrangementet vert tolka.

Velkomen!

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter