Tre ledige stillingar i Språkrådet

(11.4.2014) To faste stillingar som rådgjevar/seniorrådgjevar er ledige i Språkrådet: den eine i seksjonen for fagspråk og språk i samfunn og høgare utdanning, den andre i seksjonen for språk i skole og offentleg forvaltning. Vi søkjer òg ein vikar til stillinga som seksjonssjef for fagspråk og språk i samfunn og høgare utdanning (frist 2. mai).

Rådgjevar/seniorrådgjevar i seksjonen for fagspråk og språk i samfunn og høgare utdanning (fast)

Seksjonen for fagspråk og språk i samfunn og høgare utdanning har som ei sentral oppgåve å fremje statusen til og bruken av det norske språket, særleg på område der språket er under press. Seksjonen har eit særleg ansvar for fagfelta terminologi og fagspråk, norsk språk i IKT-verktøy, språkbruk i høgare utdanning og forsking, språkbruk i arbeids- og næringslivet, språk i kultur- og medietilbodet, strategisk språkrøkt og språklege rettar i samfunnet.

Rådgjevaren skal arbeide med å styrkje norsk fagspråk og språkbruk på fagfelta høgare utdanning og arbeids- og næringsliv og med strategisk språkrøkt innanfor mediesektoren og kultursektoren. Hovudarbeidsoppgåvene vil vere

  • å arbeide strategisk og langsiktig med språkstyrkingsarbeid
  • å etablere og utvikle kontakt mellom Språkrådet og aktørar i privat og offentleg sektor
  • å hente inn kunnskap og greie ut om stillinga til det norske språket på ulike samfunnsområde
  • å ta initiativ til og gjennomføre prosjekt med eksterne aktørar for å fremje bruken av norsk på ulike samfunnsområde

Ved behov vil rådgjevaren bli beden om å utføre andre arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonskrav: Du må ha høgare utdanning med mastergrad eller tilsvarande i eit språkfag eller i eit anna fag som er relevant for stillinga, då kombinert med solid språkfagleg bakgrunn. I særlege høve kan realkompetanse vege opp for manglande formalkompetanse. Vi legg vekt på personlege eigenskapar, samarbeidsevner, relevant arbeidserfaring og god formuleringsevne. Vi vil leggje vekt på solid norskspråkleg kompetanse i begge målformer. Det er ein fordel med kompetanse i andre av arbeidsområda i seksjonen.

Lønnsspenn 465 300–518 500 kr i året som rådgjevar eller 490 600–558 600 kr i året som seniorrådgjevar.

Nærmare opplysningar om stillinga får du av seksjonssjef Nina Teigland, tlf. 22 54 19 67 / 412 19 779, eller direktør Arnfinn Muruvik Vonen, tlf. 22 54 19 72 / 986 25 617.

 


 

Rådgjevar/seniorrådgjevar i seksjonen for språk i skole og offentleg forvaltning (fast)

Seksjonen for språk i skole og offentleg forvaltning har som hovudoppgåve å følgje opp språket i skoleverket og den offentlege forvaltninga, både gjennom Språkrådet sine tilsynsoppgåver etter mållova og gjennom kurs og andre tiltak. Seksjonen har eit særleg ansvar for fagfelta språkopplæring, offentleg klarspråk, bokmål og nynorsk i forvaltninga, nordisk språkforståing og framandspråkkompetanse. Seksjonen treng medarbeidarar med god kjennskap til regelverk om språk i skole og offentleg forvaltning.

Rådgjevaren skal primært arbeide for at språkpolitiske mål knytte til opplæringa i skolen skal bli nådde. Hovudarbeidsoppgåvene vil vere

  • å fremje ei god norskopplæring i skolen
  • å informere om språklege rettar i skolen
  • å fremje ein brei og god framandspråkkompetanse i samfunnet
  • å bidra til å styrkje den nordiske språkfellesskapen

Ved behov vil rådgjevaren bli beden om å utføre andre arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonskrav: Du må ha høgare utdanning med mastergrad eller tilsvarande i eit språkfag, eventuelt i eit utdanningsvitskapleg fag kombinert med solid språkfagleg bakgrunn. I særlege høve kan realkompetanse vege opp for manglande formalkompetanse. Du bør ha erfaring frå opplæringssektoren, helst også erfaring frå offentleg forvaltning. Vi vil leggje vekt på solid norskspråkleg kompetanse i begge målformer. Kunnskap om andre nordiske språk og kompetanse i framandspråk er ein fordel. Det er også ein fordel med kompetanse i andre av arbeidsområda i seksjonen.

Lønnsspenn 465 300–518 500 kr i året som rådgjevar eller 490 600–558 600 kr i året som seniorrådgjevar.

Nærmare opplysningar om stillinga får du av seksjonssjef Kristin Solbjør, tlf. 22 54 19 66.

 


 

Seksjonssjef for fagspråk og språk i samfunn og høgare utdanning (vikar)

Seksjonssjefen i seksjonen for fagspråk og språk i samfunn og høgare utdanning skal i permisjon, og vi søkjer difor etter nokon som kan vikariere som seksjonssjef i perioden ca. 15.6.2014–15.6.2015. Tidlegare tiltreding kan vere aktuelt.

Seksjonen for fagspråk og språk i samfunn og høgare utdanning har som ei sentral oppgåve å fremje statusen til og bruken av det norske språket, særleg på område der språket er under press. Seksjonen har eit særleg ansvar for fagfelta terminologi og fagspråk, norsk språk i IKT-verktøy, språkbruk i høgare utdanning og forsking, språkbruk i arbeids- og næringslivet, språk i kultur- og medietilbodet, strategisk språkrøkt og språklege rettar i samfunnet.

Seksjonssjefen leier verksemda i sin seksjon, har personalansvar for dei tilsette i seksjonen og rapporterer til direktøren. Seksjonssjefen går inn i leiargruppa i Språkrådet. Du disponerer det tildelte budsjettet til seksjonen og deltek i det årlege budsjettarbeidet i leiargruppa. Du må rekne med noko eiga sakshandsaming og utetterretta arbeid. Saman med direktøren, leiargruppa, fagrådsleiarane og fagrådssekretærane skal du leggje til rette for koordinering og samarbeid seksjonane imellom og mellom fagseksjonen og dei to fagråda som er knytte til seksjonen. Desse fagråda er for tida under omstrukturering.

Vi søkjer ein person som har evne til å arbeide strategisk og knyte kontakt med eksterne samarbeidspartnarar. Du må ha grundig kunnskap om språksituasjonen i Noreg og særleg kompetanse i minst eitt av dei fagområda seksjonen dekkjer.

Kvalifikasjonskrav: Du må ha høgare utdanning med minst mastergrad eller tilsvarande, og du må kunne dokumentere solid og relevant språkfagleg kompetanse og anna nødvendig kompetanse for arbeidsfeltet til seksjonen. Det er viktig at du beherskar norsk godt skriftleg, både bokmål og nynorsk. Det er ein fordel om du har ein brei språkfagleg bakgrunn. Vi ønskjer ein tydeleg leiar med gode kommunikasjonseigenskapar som er i stand til å ta avgjerder, delegere, motivere og følgje opp medarbeidarar og ta initiativ når det trengst, for at dei språkpolitiske måla på dei aktuelle områda skal bli nådde. Du må ha dokumentert leiarerfaring.

Stillinga blir lønna som seksjonssjef, lønnsspenn 601 600–741 800 kr per år. Nærmare opplysningar om stillinga får du av direktør Arnfinn Muruvik Vonen, tlf. 22 54 19 72 / 986 25 617.

 


 

Dette gjeld for alle stillingane:

Staten legg vekt på mangfald. Alle kan søkje stillingane utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming og kulturell bakgrunn.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter