Terminologikurs i Kristiansand tysdag 28. oktober

(6.10.14) Språkrådets fagråd for terminologi og fagspråk inviterer for femte året på rad til eit heildagskurs i grunnleggjande terminologi(arbeid). I år blir kurset halde i Kristiansand tysdag 28. oktober, på Hotell Radisson Blu Caledonien. Det er gratis å delta, og vi har plass til 20 deltakarar.

Kurset tar for seg grunnelementa i terminologien, det vil seie referent, omgrep, definisjon og term. Du vil lære korleis omgrep knyter seg til kvarandre ved hjelp av omgrepsrelasjonar, og korleis du skriv gode definisjonar. Det blir lagt vekt på kva det er som kjenneteiknar ein god term, og på kor mykje terminologi tyder for godt fagspråk og god fagomsetjing. Undervisning vil veksle med praktiske øvingar.

Kurset passar for deg som har bruk for terminologikunnskap i samband med kunnskapsorganisering, teknisk dokumentasjon, faglitterært forfattarskap, undervisning, omsetjing o.a. Kurset krev ikkje særskilde språkvitskapelige forkunnskapar.

Du kan melde deg på kurset ved å sende ein e-post til term@sprakradet.no med «Terminologikurs 28.10.2014» i emnefeltet. Oppgje fullt namn og yrke.

Har du spørsmål, kan du ringje 22 54 19 50.

Frist for påmelding: torsdag 23. oktober

Kurset tar til kl. 9 og sluttar kl. 16. Lunsj er inkludert. Det blir registrering frå kl. 8.30.

Kurslokale: Hotell Radisson Blu Caledonien, Vestre Strandgate 7, 4610 Kristiansand, tlf. 38 11 21 00

Det blir delt ut endeleg program og kursmateriell ved kursstart.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.10.2014 | Oppdatert:11.12.2014