Språkrådet sterkt kritisk til å privatisera stadnamn

(3.9.14) Den som eig eit gardsbruk, skal avgjera korleis bruksnamnet skal skrivast, føreslår Kulturdepartementet. Språkrådet meiner ei slik lovendring vil undergrava den verdien bruksnamna har som felles kulturminne.

«Nedervde stadnamn er språklege bautasteinar, eldgamle kulturminne som har blitt overlevert munnleg gjennom hundreåra og tusenåra. Vi ville aldri ha tillate at ein grunneigar utan vidare fekk endra ei innskrift eller ei teikning på ein bautastein til ei tidlegare tolking. For oss er det prinsipielt like utenkjeleg at forvaltninga av lokale stadnamn blir privatisert.» Det skriv styreleiar Ottar Grepstad og direktør Arnfinn Muruvik Vonen i ei høyringsfråsegn frå Språkrådet.

Kulturdepartementet har i eit høyringsnotat føreslått å endra lov om stadnamn. Språkrådet meiner notatet har fleire gode endringsframlegg til språket og innhaldet i lova. Men Språkrådet går sterkt imot hovudendringa – at eigaren av eit gardsbruk skal bestemma skrivemåten av bruksnamnet.

Alternativ løysing

Språkrådet føreslår ei alternativ løysing som tek omsyn både til ønska hos grunneigarane om ein spesiell skrivemåte og til formålet om å gi det nedervde namnet vern.

«Frå ein språkfagleg synsstad er det ikkje tvil om at det er den namneforma som er overlevert munnleg frå generasjon til generasjon, som er det eigentlege namnet, det som har krav på vern. Det er likevel forståeleg om ein grunneigar ønskjer å ta vare på ein skrivemåte som har vore bruka, kanskje over lengre tid. Vi meiner ein kan ta omsyn til dette ønsket ved å registrera skrivemåten som nett alternativ skrivemåte», skriv Språkrådet.


Kontakt

Arnfinn M. Vonen, direktør, tlf. 986 25 617
Svein Arne Orvik, informasjonssjef, tlf. 938 06 923
 
 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:03.09.2014 | Oppdatert:11.12.2014