Rettleiing i terminologiarbeid i universitets- og høgskolesektoren

(13.2.14) Ei prosjektgruppe har prøvt ut ulike arbeidsmåtar for å samle inn, registrere og gjere fagterminologi tilgjengeleg i fagfeltet kjemi. Erfaringane frå prosjektet har munna ut i ei rettleiing som gjev 11 praktiske råd om korleis andre fagfelt kan gå fram.

Etter initiativ frå Språkrådet sette ei prosjektgruppe med kjemikarar frå universitets- og høgskolesektoren i gang med å samle inn, registrere og gjere tilgjengeleg kjemisk terminologi på norsk og engelsk. I løpet av 2013 prøvde gruppa ut to ulike arbeidsmåtar for å utvikle ein mønsterpraksis for terminologiarbeid i sektoren.  Erfaringane frå prosjektet skulle kome andre fagfelt som ønskjer å gjere liknande terminologiarbeid, til gode. No føreligg det ei rettleiing med praktiske råd som skal inspirere andre fagfelt til å gjennomføre slikt arbeid.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter