Øving gjer politimeister

(3.10.14) Undervurderer Bergensavisen politifolks skriveferdigheiter? Spørsmålet tvingar seg fram når ein les leiarartikkelen i avisa 1. oktober, skriv direktør Arnfinn Muruvik Vonen i Språkrådet i dette innlegget.

Avisa ser ut til å ta for gitt at det ikkje finst støe nynorskbrukarar i politiet, og at dei som treng å friske opp nynorskkunnskapane frå skulen, ikkje kan gjere det.

Bergensavisen er uroleg for at Twitter-meldingar på nynorsk frå hordalandspolitiet vil kome til å ha språklege feil. Svaret på avisas uro er å bruke nynorsk meir, ikkje mindre. Med opplæring og jamn øving kjem ferdigheiter.

Trygg i språket

Stadig meir publikumskontakt i kjappe digitale medium stiller nye krav til staten – også når det gjeld språk. Når ein tekst skal lynraskt ut, er det ekstra viktig å vere trygg i språket. Språkrådet ønskjer å hjelpe til med nettopp det: å gjere språkbrukarar i offentlege etatar trygge. Språk er ein av mange ting ein må øve på for å kunne handtere under press.

Mange statsorgan har eit internt språkarbeid det står respekt av. Og når Hordaland politidistrikt vurderer språkkurs, viser det at dei tek saka alvorleg. Også Sunnmøre politidistrikt har markert seg positivt med meir nynorsk på Twitter. Det hadde vore interessant om Bergensavisen kunne dele tankane sine om korleis politifolk og andre statstilsette kan bli trygge språkbrukarar, i staden for å avfeie saka med ord som «tøv» og «idiotisk».

Nye medium

Mållova regulerer blant anna fordelinga av bokmål og nynorsk i informasjon frå politiet og andre statsorgan. Etter lova skal informasjon frå eit politidistrikt vere i den målforma fleirtalet av kommunane i distriktet har valt. For Hordaland politidistrikt vil det seie nynorsk.

Lova er som kjent lik for alle. Og mållova gjer ikkje forskjell på gamle og nye medium. «Politiets raske informasjonsmeldinger på Twitter, begrenset oppad til 140 tegn, er selvfølgelig ikke det som truer verken nynorskens stilling eller vårt språklige mangfold», meiner Bergensavisen. Det er eit lite framtidsretta perspektiv.

Viss ein vil sikre både bokmål og nynorsk ei sterk stilling, kan ein ikkje avgrense innsatsen til tradisjonelle medium. Eit avgjerande spørsmål er derfor: Kva skal til for at begge målformene blir brukte i sosiale medium og når det hastar? Også på dette området ligg nok mykje av svaret i trening og bevisstgjering.

Publisert i Bergensavisen 3. oktober 2014 
 
  

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter