Den viktigaste språkbrukaren

(16.6.14) NRK er så viktig som NRK er fordi styresmaktene har stilt høge, talfesta krav i tråd med den språklege jamstillingspolitikken, publikum har venta seg mykje, og dei tilsette har arbeidd for å nå ambisiøse mål. Det skriv styreleiar i Språkrådet, Ottar Grepstad, i denne kronikken i Klassekampen.

Nyleg annonserte programvert Ragnhild Sælthun Fjørtoft for siste gong i NRK. Som ein tydeleg og profilert språkrøktar personifiserer ho NRK som den viktigaste språkbrukaren i Noreg. Den rolla er skapt gjennom godt redaksjonelt arbeid og med klare, formelle krav som bør førast vidare.

Krav til eigen språkbruk

Moderne skriftkulturar treng sterke medieverksemder som stiller krav til sin eigen språkbruk. Nynorskbrukarane har mykje å takke NRK for. Det har sanneleg bokmålsbrukarane også. Norsk bokmål er i dag eit mykje ledigare språk enn det var for femti og hundre år sidan. Forholdet mellom skrift og tale er enno ikkje avklara, og innslag av dialekt i skrift er på langt nær så sjølvsagt som det er i nynorsk, men den språklege dynamikken er der.

Dette viser att i den daglege språkrøkta. Ingen nordmann ville i dag forstå vitsen med å bruke det engelske ordet «blow-out» viss ulykka skulle vere ute på kontinentalsokkelen. Det var den på Bravo-plattforma i 1977. Gjennom effektivt samarbeid mellom NRK og det som den gongen heitte Norsk språkråd, tok ordet «utblåsing» over frå ein dag til neste. Tilsvarande rullar «ståhjuling» no inn i staden for «segway».

Språkleg møteplass

Den største endringa i bruken av norsk dei siste femti åra har vore overgangen til dialekttale når som helst, kvar som helst og av kven som helst. Med ambisiøse aksjonar drog målrørsla i gang denne endringa i 1970-åra. NRK heldt att, men valde etter kvart å sleppe kvardagstalen til. Her har distriktskontora heile tida vore svært viktige, og endringa kom først i radioprogramma. TV blei framleis sett på som eit meir formelt og høgverdig medium, så der tok det tid før dialekt var blitt vanleg. Språkbruk kan skjule, men ikkje fjerne sosiale og kulturelle skilnader, men språkbruk kan også fremje verdfulle kulturelle endringar. NRK har vore ein språkleg møteplass der fleire enn før har kunna bruke sitt språk slik dei har ønskt. Langtidsverknaden av det NRK Super gjer no, får vi om eit par tiår.

70-årsjubilanten av året, Kjartan Fløgstad, skreiv ein gong at 24 ulike tv-stasjonar gir ikkje utan vidare 24 ulike programtilbod til sjåarane. Det skreiv han for 25 år sidan, og han blei nok meir sannspådd enn han sjølv ønskte. Iallfall på eitt punkt er det likevel blitt eit reelt mangfald. I språkbruken er det éi linje som rår, og det er at det er heilt greitt å bruke dialekt. NRK har med god grunn halde fast på kravet til normert tale i nyheitsbulletinane.

Forplikting

Både Medietilsynet og nynorskmiljøa har med rette kritisert NRK for at dei enno ikkje har oppfylt kravet om minst 25 prosent nynorsk i verbalsendingane og på Internett. Same typen kritikk har lenge vore retta mot lov om målbruk i offentleg teneste. Altfor mange har vore meir opptekne av brot på lov og krav enn å vise kva resultat desse reglane faktisk har gitt. Nynorsk er blitt ein sjølvsagd del av den norske kvardagen ikkje minst takka vere NRK, og på nrk.no kan publikum lese om alle typar emne skiftevis på bokmål og nynorsk. Dette er mangfald i praksis, og det kom som følgje av talfesta krav.

Vedtektene og den såkalla NRK-plakaten formar rammene for verksemda. Forpliktinga til å handtere den rike språklege og kulturelle variasjonen i landet kan også ha påverka den redaksjonelle tenkinga. Den respekten som følgjer av dette, har iallfall ikkje svekt evna til å utvikle nye programflater, som sakte-tv. Samstundes som NRK har formidla skilnadene, maktar institusjonen framleis å forme opplevd fellesskap. Ringverknadene er openberre: Reklamebransjen har lagt frå seg det stive talemålet dei heldt seg med så seint som i 1980-åra, og TV2 hadde ikkje noko val frå 1992 – dei måtte adoptere fleire av hovudpunkta i språkbruken til NRK.

Ambisiøse mål

Det er godt gjort, og det kom ikkje av seg sjølv. NRK er så viktig som NRK er fordi styresmaktene har stilt høge, talfesta krav i tråd med den språklege jamstillingspolitikken, publikum har venta seg mykje, og dei tilsette har arbeidd for å nå ambisiøse mål. 

Det er eit privilegium å få spegle det språklege mangfaldet i Noreg, sa tidlegare kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas i 2010. Tydelegare kan det ikkje gjerast at denne medieverksemda dagleg har grunn til å vere stolt. Difor var ikkje berre Ragnhild Sælthun Fjørtoft litt blank i augo her om dagen.

Både leiing og tilsette i NRK kunne gjerne peike på dei mange utvegane som opnar seg for ei verksemd med ein slik tradisjon og ein slik kompetanse. Litt for ofte dryp det dystert frå utsegner om kor brysamt det er å vere allmennkringkastar med eit språkpolitisk ansvar.

Posisjon og tillit

Vi lyttarane og sjåarane får meir språkleg mangfald frå denne institusjonen enn nær sagt nokon annan allmennkringkastar i verda er i stand til å gi, og mykje meir enn frå private mediekonsern.

Det blir tenkt annleis om språk mange stader i verda no, også i Noreg. Det kan NRK godt ta sin del av æra for. Den posisjonen og den tilliten NRK har, bør forplikte både eigaren og institusjonen til å føre vidare ambisiøse, formelle krav til den viktigaste språkaktøren i Noreg. Framleis er det slik at det som NRK gjer språkleg på éin dag, kan ha meir å seie enn det mange andre prøver å få til på eitt år. Dei formelle språkkrava til NRK bør vere så høge at det skal noko til å nå dei, i møtet mellom ytringsfridom, mangfald og kvalitet.

 

Av Ottar Grepstad, styreleiar i Språkrådet

Kronikk i Klassekampen 16.6.2014

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter