Midlar til oppfølging av språkmeldinga

(4.6.14) Kulturdepartementet lyser ut prosjektmidlar til språktiltak. – Det er naudsynt å styrkje satsinga på norsk språk i ei stadig meir globalisert verd, seier kulturminister Thorhild Widvey.

I tillegg til eigne midlar til innsamling av stadnamn som er delegerte til Språkrådet, blir om lag fire millionar kroner lyst ut til andre språktiltak. Også prosjekt i regi av eller under medverknad av Språkrådet vil bli vurderte, til dømes terminologiprosjekt. Elles vil institusjonar og organisasjonar av alle slag kunna søkje.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter