Ledig stilling som stadnamnsekretær

(4.11.14) I Trondheim er det ledig fast stilling i 50 % som namnesekretær frå 1.1.2015. Arbeidsstad er Statens hus i Trondheim.

Stadnamntenesta, som blir administrert av Språkrådet, er delt inn i fire regionar, med kontor i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø. I tillegg har tenesta eit kontor i Alta for kvenske stadnamn i Nord-Noreg.

Hovudoppgåva for namnesekretæren er å skaffe fram grunnlagsmateriale for tilrådingane som dei oppnemnde namnekonsulentane skal gje om stadnamn i Midt-Noreg. Namnesekretæren skal vidare informere om lov om stadnamn og vere kontaktperson for brukarane i stadnamntenesta i desse områda.

Søkjarar må ha utdanning frå universitet eller høgskule med mastergrad eller tilsvarande og med nordisk i fagkretsen. I særlege tilfelle kan realkompetanse vege opp for krava til formalkompetanse. Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid med stadnamn og frå arbeid med elektronisk sakshandsaming og arkivering, og med gode kommunikasjonsevner.

Lønn som rådgjevar, stillingskode 1434, 208 100–250 150 kr per år. I særlege tilfelle kan ein vurdere å tilsette i stillingskode 1434, seniorrådgjevar, med lønn 254 550–279 800 kr per år.

Nærare opplysningar om stillinga får du av seksjonssjef Daniel Gusfre Ims, tlf. 22 54 19 56 / 957 65 152, eller rådgjevar Ingvil Nordland, tlf. 938 32 083.

Søknadsfrist: 17. november 2014

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.11.2014 | Oppdatert:11.12.2014