Høyring om språket i Grunnlova

(26.2.14) I vår skal Stortinget ta stilling til ulike framlegg til nye tekstversjonar av Grunnlova. «Språkleg er framlegga frå Graver-utvalet den beste løysinga», sa Språkrådet då Stortinget heldt open høyring om saka nyleg.

Språkrådet har vore med i utvalet som har laga ein av bokmålsversjonane og nynorskversjonen av Grunnlova. Presidentskapet i Stortinget sette ned utvalet for å utforme Grunnlova i eit meir forståeleg språk, på bokmål og nynorsk. Hans Petter Graver, dekan ved det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo, leia utvalet. Les meir om saka på nettstaden til grunnlovsjubileet og i Språknytt.

19. februar heldt kontroll- og konstitusjonskomiteen i Stortinget open høyring om saka. Styreleiar i Språkrådet, Ottar Grepstad, heldt dette innlegget på høyringa:

 

Språklege inngangar til grunnlovsframlegga 

Gode komité

I grunngivinga for dei grunnlovsforslaga som Stortinget no skal ta stilling til, blir det fleire stader framheva kor viktig det er at Grunnlova er tilgjengeleg for folk flest. Difor har eg teke med meg ei sjeldan trykksak som i dag kanskje berre finst i eitt eksemplar.

På Ekset i Volda etablerte Sivert Aarflot i 1809 det femte trykkjeriet i landet. Frå dette trykkjeriet kom mange viktige trykksaker. Ei av dei mest interessante skriv seg frå 1860. Eg har fått låne ho med hit frå Ivar Aasen-tunet, der dette skriftet har vore stilt ut sidan 2000.

Dette er ei lommeutgåve på 32 sider av Grunnlova på den tids dansk. Det simple papiret, det vesle formatet og det enkle utstyret seier alt: Dette var ein tekst det var viktig for mange å ha tilgang til og jamvel bere med seg. Det blir sagt at  somme faktisk bar denne trykksaka på seg –  ho var viktig for dei, og  ho var lett tilgjengeleg. Det høyrer med at valdeltakinga på Nordvestlandet på denne tida var vesentleg høgare enn i resten av landet.

Etter ein kort kommentar til grunngivinga for omsetjing av Grunnlova til tilgjengeleg norsk skal eg gå nærmare inn på nynorskversjonen før eg jamfører Vinje- og Graver-versjonane med vekt på omgrepa «tidsmessig» og «likeverdig», før nokre konkluderande råd.

Finn-Erik Vinje fortener takk og ære for initiativ og mangeårig arbeid med språket i Grunnlova. Dei siste åra har dette gitt oss eit fagleg viktig, godt og klargjerande ordskifte om både lovspråk, språkføring, rolla til Grunnlova og forholdet mellom tradisjon og samtid.

Graver-utvalet strekar under at dei hadde kort tid på seg. Det er likevel lite som tyder på at tidspresset har gått ut over det faktiske faglege resultatet. Ingen har påvist openberre feil eller misvisande framstilling, men der tekstar skal tolkast, er der alltid også nyansar i vurderingane.

Dei tolkingane ville ein ikkje ha kome unna sjølv om Grunnlova var blitt verande på pur dansk. No er desse tolkingane skriftfesta og synlege for allmenta, og det har gitt Stortinget eit trygt grunnlag for å konkludere i ei sak som med stor politisk symbolkraft markerer den språklege jamstillinga mellom bokmål og nynorsk.

Tilgjengeleg norsk

Hovudmotivet for revisjonen har ikkje vore å få Grunnlova på norsk i staden for på dansk, sjølv om det har ein viss symbolverdi. Det er to grunnar til at ein i dag ønskjer å modernisere grunnlovsspråket. Begge har med demokrati og tilgjengeleggjering å gjere. Den eine er knytt til lesing, den andre til skriving.

Meininga har vore å få Grunnlova ikkje berre på norsk, men på eit tilgjengeleg norsk som kan gjere det til eit meir levande dokument i folkestyret att. Dersom målet er at Grunnlova skal bli meir folkelesnad enn ho har vore, kan ikkje anna enn samtidsnorsk i ei meir eller mindre moderat form vere målet. Det same gjeld om ein skal rydde bort dei språklege snublesteinane for dei som skriv grunnlovsframlegg. Det har lite for seg å stoppe på halvvegen til samtidsnorsk. Det seier mykje at Graver-utvalet jamt over hadde mindre bry med dei eldste paragrafane frå 1814 enn med ein del nyare endringar.   

Representativ offisiell nynorsk

Stortinget har ønskt Grunnlova på tidsmessig bokmål og nynorsk. Dette initiativet speglar det som skjer i mange land i seinare tiår, der det blir tenkt annleis om språk og språklege rettar enn før, og i fleire språksamfunn blir det meir og meir sjølvsagt at ulike språk skal og bør leve side om side.

Det var framlegget om å modernisere Grunnlova berre til bokmål som utløyste behovet for å få Grunnlova også på nynorsk. Det er gode grunnar til å rekne det som ei sjølvsagd rettferdssak at Grunnlova også skal liggje føre på nynorsk om ho kjem på bokmål. Spørsmålet blir då om det aktuelle utkastet er godt nok. Svaret er ja.

Om framlegget er godt nok juridisk, høyrer stort sett til under sams problem for bokmål og nynorsk, for dei følgjer kvarandre tett der det kan vere tvil om substansen. Debatten i Stortinget i 2012 viste at somme tvilte oppriktig på at det var forsvarleg å skrive fram nye språkversjonar på nokre få månader. Den skepsisen undervurderte nok den realkompetansen som finst i norske juridiske miljø til å handtere tekstendringar og dei tolkingsspørsmåla som då melder seg. Er det noko teologien og jussen har felles, er det ei tusenårlang røynsle med systematisk handtering av det å tolke og forstå tekst.

Nynorskversjonen er eit kompromiss mellom tradisjonalistisk og meir bokmålsnær språkføring, med eit visst stilistisk sprik på nokre punkt. Mest all offisiell nynorsk står i det same spennet. Om ein ikkje vil at nødvendig bokmålstilpassing på eitt punkt skal dra med seg bokmålstilpassing over heile linja, må ein nok godta det. På den andre sida tek ikkje moderne lovspråk på bokmål skade av tilpassing til nynorsk, heller.

Graver-utvalet har ikkje utnytta alle utvegar i nynorsken til korthogne eller fyndige formuleringar, men alt i alt er dette ganske representativ og god statleg bruksnynorsk. Med vår generelle kjennskap til det nynorske språksamfunnet trur vi dei fleste nynorskbrukarar vil vere samde. Røynde nynorskbrukande juristar utanfor Graver-utvalet har lese gjennom dei siste utkasta utan å kome med vesentlege stilistiske innvendingar.

Vurdering av bokmålsversjonane

Graver-utvalet tok utgangspunkt i lovspråket slik det blir brukt i dag. Framlegget frå Vinje fører vidare 1903-løysinga som metode. Avstanden mellom desse to tilnærmingane er stor. Bør så Stortinget vedta Gravers eller Vinjes bokmålsversjon?

Stortinget bør ikkje i noko tilfelle velje ein versjon med vesentlege feil i, men det er ikkje den situasjonen vi er i. Det er eit gode, ikkje eit problem å ha to bokmålsversjonar til vurdering. Vårt råd er å leggje den eine bokmålsversjonen til grunn og opne for å hente detaljar frå den andre.

Éin metafor som har gått att i debatten, er «ansiktsløftning». Noko språkfagleg presist omgrep er det ikkje. Den ansiktsløftinga vi finn i Vinje-versjonen, handlar mest om rettskriving, det vil seie at skriftbiletet til enkeltord er endra. Endringane i språkføringa, i syntaks og ordforråd, er ganske små. Likevel fell resultatet innanfor den gjeldande rettskrivinga og er reint formelt norsk. Det er også verdt å merke seg at i 15–20 paragrafar er Vinje-versjonen justert etter at framlegget frå Graver-utvalet kom.  

Sett på spissen er Vinje-versjonen likevel ansiktsløfting eller sminking av dansk lovspråk med eldre norsk som ideal. Vinje-versjonen er svært vellykka viss ein ønskjer å stoppe der. Det filologiske handverket er som vanleg framifrå. Symbolpolitisk og formelt er altså Grunnlova blitt norsk i Vinje-versjonen, men den praktiske gevinsten er ikkje så stor. Til det skil framlegget seg for mykje frå plausibel tidsmessig norsk.

Graver-versjonen er noko meir enn ansiktsløfting. Den er eit forsøk på brei tilgjengeleggjering i både språkføring, ordforråd og rettskriving. Intensjonen var ei lesarvenleg lovskriving  anno 2014. Ikkje alle formuleringar er i mål. Det er gjort mange kompromiss, og det merkar ein særleg i sovande paragrafar. Så meiner då også utvalet sjølv at framlegget deira er ein modernisert tekst, ikkje ein moderne tekst (s. 18).

Same kva variant ein vel, må ein leve med kompromiss på eit eller anna plan. Språkleg kompromisslaus samtidsnorsk kan det berre bli om Stortinget gjer eit større revisjonsarbeid med full oppdatering av både språk og innhald. Dette står ikkje på saklista no. Graver-utvalet har prøvt å utarbeide ein versjon som det er demokratisk verdfullt å vedta i mellomtida.

Utvalet rår også til at seinare grunnlovsendringar blir skrivne fullt ut på samtidsnorsk. Over tid vil det auke den språklege avstanden til utgangspunktet i 1814, men det vil syte for at Grunnlova blir verande eit dokument også for samtida.

Tidsmessig?

I mandatet til Graver-utvalet stod det to krav som trekkjer i kvar si lei: Det skulle ikkje gjerast større endringar i ordlyden enn nødvendig, men resultatet skulle vere på tidsmessig bokmål og nynorsk.

Graver-utvalet kunne ha lagt både større og mindre vekt på kravet til det tidsmessige. Frå første stund hadde dei klart føre seg at ein ikkje kan modernisere teksten frå såkalla 1800-tals dansk lovspråk ved hjelp av rettskrivingsjusteringar. Kan ein i det heile ”ansiktsløfte” eldre dansk til moderne norsk? Der må vi nok svare nei. All overføring av tekst frå moderne dansk til moderne bokmål er ei omsetjing. Då må det vere endå rimelegare å kalle overføring frå eldre dansk til tidsmessig bokmål det same, nemleg omsetjing frå eit skriftspråk til eit anna.

Graver-versjonen er i større grad enn Vinje-versjonen ei omsetjing, og den nynorske utgåva er fullt ut ei omsetjing.

Graver-versjonen er i mindre grad enn Vinje-versjonen ein mellomting og i større grad ein kombinasjon. Framlegget frå Graver markerer klarare at vi lever i 2014 og handhevar eit sunt prinsipp om forståing av historia: «Det nyttar ikkje å springe etter fortida. Du tek ho ikkje att likevel.» Røtene til Graver-versjonen er likevel festa i 1814 der dei vere det: innhald, hovudstruktur, faneformuleringar.

I begge versjonane står det att historiske restar som ikkje høver språkhistorisk med hovudtrekka i tekstane. I Graver-versjonen er avstanden mellom dei historiske restane og desse hovudtrekka litt større enn i Vinje-versjonen. Til vederlag for dette spriket er mindre av teksten i ingenmannsland og meir er heilt integrert i vår eiga tid.

Her er det eit viktig moment at dei som skreiv den moderne teksten som Grunnlova var i 1814, ikkje såg programmatisk bakover, men heldt seg til bruksprosaen i samtida. Grunnlova anno 1814 var samtidstekst. Graver-versjonen fører dette samtidspreget betre vidare enn Vinje-versjonen.

To enkle døme på dette er § 78 og 104. Graver-versjonen gjer brått § 104 forståeleg også for lekfolk, og formulerer § 78 slik vi ville gjort det i dag utan å miste noko som helst av det verdfulle i Grunnlova.

Likeverdig eller likne?

Det autentiske finst berre i det opphavlege. Autentisitet kan ikkje gjenskapast. Det er heller ikkje nødvendig, for den autentiske teksten Grunnlova finst og vil alltid finnast. Å bruke element som var samtida uvedkomande, men som ettertida knyter ei kjensle av fordoms stordom til, kan nok skape ei kjensle av autentisitet, men berre ei kjensle.

Graver-utvalet utfordrar denne kjensla ved å leite fram formuleringar som er ekvivalente, likeverdige, med dei som blei brukte i 1814, ikkje dei som liknar mest på overflata. Det er gjort store konsesjonar til den historiske sentimentaliteten, særleg i dei mest kjende og høgtidelege paragrafane, der det trass alt kan forsvarast. I meir prosaiske paragrafar har Graver-utvalet halde seg til ein moderne mellomstil.

Dei stilistiske skilnadene mellom dei to bokmålsversjonane bør likevel ikkje overdrivast. Det er ikkje slik at Graver-versjonen er språkleg radikal, medan Vinje-versjonen er språkleg moderat.

I begge versjonane er bokmålet moderat. Der er ikkje ei einaste a-ending å finne, endå dei fleste nordmenn har a-endingar i talemålet sitt, og ingen valfrie diftongar. Det står jamvel att trekk som høyrer meir til dansk enn til norsk skrift, nemleg enkel bestemt form, som i «dette parti» i staden for «dette partiet». Knapt nokon som har vakse opp i Noreg, har meir enn restar av dette trekket i talemålet sitt, og svært få gjennomfører det i skrift.

Språket i begge versjonane er altså gjennomgåande meir konservativt og stivare enn lovspråk i dag treng å vere. Verknaden er eit språk mange vil oppfatte som høgtideleg.

Dette er ikkje eit mål for Graver-versjonen slik det er med Vinje-versjonen. Utvalet skriv: «Det er god grunn til å mene at Grunnloven i likhet med vanlig, seriøs sakprosa ikke har noe behov for utvendige høytidstrekk[,] fordi den både i innhold og betydning er høytidspreget nok i seg selv» (s. 13).

Utvalet kunne for vår del gjerne gått lenger i retning av klar og lettfatteleg og endå meir tidsmessig mellomstil.

Konklusjonar og tilrådingar

Vinje-versjonen har den juridiske fordelen at det er teke færre og mindre steg frå ordlyden i «originalen». Det kan tilsløre gamle juridiske tolkingsspørsmål for dagens lesarar, men reduserer risikoen for å innføre nye juridiske tolkingsproblem. Reint språkfagleg er Vinje-versjonen gjennomarbeidd og solid.

At der no jamvel ligg føre to bokmålsframlegg, er eit språkpolitisk gode fordi det tener til å klargjere val og konsekvensar. Spørsmålet er om det er bryet verdt å lage endå ein mellomting mellom 1814 og 2014. Svaret vårt er nei.

Graver-versjonen er i større grad ei omsetjing enn ei justering, – for ikkje å seie at det er to omsetjingar i retning av tidsmessig norsk. Nynorskversjonen kan vedtakast uavhengig av bokmålsversjonen til Graver-utvalet, men heng betre saman med den enn med Vinje-versjonen. All den tid Stortinget har lagt til grunn at Grunnlova no skal finnast på både bokmål og nynorsk, rår vi til å leggje Graver-versjonen til grunn for begge. I alle fall bør inndelinga i ledd og punkt følgje Graver-versjonen. Elles blir det ulik struktur i dei to språkversjonane.

Å kombinere Vinje-versjonen for bokmål med Graver-versjonen for nynorsk held vi for å vere ei uheldig løysing.

Innhaldet avgjer, men form og innhald heng alltid saman. Dei juridiske og konstitusjonelle spørsmåla ligg utanfor Språkrådets mandat. Språkleg er framlegga frå Graver-utvalet den beste løysinga.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.02.2014 | Oppdatert:11.12.2014