Grunnlova har fått nye språkdrakter

(6.5.14) Stortinget har i dag vedteke ei modernisert utgåve av Grunnlova på bokmål og den første offisielle utgåva av Grunnlova på nynorsk.

Stortinget har vedteke bokmålsutgåva av Grunnlova som professor emeritus Finn-Erik Vinje har utforma. Nynorskutgåva er utforma av utvalet professor Hans Petter Graver leidde, der Språkrådet var med. Utvalet laga òg ei bokmålsutgåve som ikkje er vedteken.

– Det er gledeleg at språket i Grunnlova no vert langt meir forståeleg, og at nynorsk og bokmål no vert jamstilte òg som grunnlovsspråk, seier Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter