Få ord på sakene

(18.11.14) Engelsk på jobb, norsk ved middagsbordet. Vil vi unngå ei slik framtid, hastar det med å lage nye norske faguttrykk. Det skriv Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet, i denne kronikken i Aftenposten.

Skal du søkje om jobb som key account manager eller utdanne deg i paramedics? Driv du på med crowdsourcing, eller handlar du swaps? Norsk fagspråk er i ferd med å bli uthola av engelske ord, og vi risikerer at fagfolk sluttar å nytte norsk i arbeidet sitt. Men det er håp: Viss fagfolk tek ansvar saman, kan dei få fram ein presis fagterminologi på norsk utan vage moteord. Verktøya ligg klare.

Effektiv formidling

Vi hugsar finansskandalen då kommunar og privatpersonar kjøpte sikringsfond. Eller var det risikofond, hedgefond eller garderingsfond? Her var nok faguttrykka meir til forvirring enn til hjelp. Det er lett å gløyme kor avhengig  ein er av presise faguttrykk heilt til ein står fast. Konkurrerande uttrykk eller upresise definisjonar skapar forvirring i kommunikasjonen.

Utan eit godt fagspråk får ikkje fagfolk formidla kunnskapen til andre på ein effektiv måte. Det dreier seg ikkje berre om formidling frå fagfolk til andre fagfolk, men også til folk flest, politikarar, byråkratar, folk i arbeids- og næringslivet og studentar. Formidlinga skjer best på vårt eige språk. Når vi skal snakke om pensjonsordninga, klarar vi oss ikkje utan faguttrykk som avtalefesta pensjon og ytingsbasert pensjon. Kunnskapssamfunnet vi lever i, kviler på eit levande fagspråk. Norsk fagspråk er derfor ein nasjonal infrastruktur som vi må pleie og utvikle vidare.

To språk i hovudet

Likevel vert det meir og meir vanleg med engelske faguttrykk i fagspråket vårt. I nokre tilfelle har fagfolk slått heilt over til engelsk. Om fagspråket vårt vert uthola av engelske uttrykk, er det vanskeleg å nytte norsk i det heile på arbeid. Den største utfordringa norsk språk står framfor, er domenetap. Domenetap skjer når norsk språk ikkje lenger vert nytta på eit samfunns- eller fagområde. Vi ser at det allereie skjer på fleire forskingsfelt.

Skal ikkje fagfolk kunne bruke engelsk? Jo. Svaret er både-og, ikkje enten-eller: Engelsk har sin naturlege plass, men skal ikkje fortrenge norsk. Slagordet «norsk når du kan og engelsk når du må» er eit uttrykk for god parallellspråklegheit: Ja til fleire språk, men med vekt på morsmålet. Studentar må sjølvsagt lære seg engelskspråkleg fagterminologi på faget sitt, men vi veit at dei lærer fagstoffet best på norsk.

Orda må vere lette å finne

Å utvikle norsk fagspråk dreier seg ikkje berre om å omsetje engelske faguttrykk til norsk. Dei norske uttrykka må òg vere lette å finne og bruke. Derfor arbeider terminologar og fagfolk med å lage definisjonar og leggje dei i termbasar på nettet. Dette er databasar der du får kvalitetssikra informasjon om fagterminologien på eit visst fagfelt. Slike termbasar er grunnsteinar i kunnskapsinfrastrukturen vår. Dei er nøkkelen til  å spreie fagterminologi til så mange som mogleg. Det trengst langt fleire termbasar som alle, ikkje berre fagfolk, kan bruke.

Frå ord til handling

Takk vere fagmiljø i næringslivet har vi fått gode faguttrykk som balansert målstyring (for balanced score card) og klikkfrekvens (for click through rate) innan marknadsføring. Korleis slikt arbeid kan skje i praksis, er tema på Språkdagen 2014, som går av stabelen i dag. Språkrådet samordnar terminologiarbeid i Noreg og arbeider saman med fagfolk i ulike prosjekt. Å lage fagterminologi og fylle termbasar med innhald er tidkrevjande. Vi er avhengige av fagfolk som ser nytten av det.

Heldigvis finst det organisasjonar som tek på alvor at norske faguttrykk er lettare å forstå, lettare å hugse og lettare å bruke. Standard Norge, Utanriksdepartementet og brannvernbransjen er nokre av dei som har laga termbasar med kvalitetssikra fagterminologi. Basane ligg fritt tilgjengelege på nettet. I tillegg har Noregs handelshøgskole (NHH) utvikla ein portal med fagterminologi innanfor økonomi og andre fagområde.

På tide med dugnad

Men på dei aller fleste områda skjer det inga systematisk utvikling av fagterminologi. Nokre eldsjeler gjer verdifullt arbeid, men langt fleire må ta ansvar for språket på fagområda sine. Datatermgruppa som Språkrådet koordinerer, har gjort framlegg om at crowdsourcing skal heite nettdugnad på norsk. Norsk fagspråk treng nettopp ein termdugnad for å halde tritt. Sjølv om Språkrådet har eit overordna ansvar, er vi avhengige av samarbeid med viktige bransjar og sektorar. Vi vil særleg oppmode fagfolk i universitets- og høgskolesektoren og arbeids- og næringslivet til å utvikle gode og presise faguttrykk på norsk. Om studentar lærer seg norsk fagterminologi i studia, har dei eit godt grunnlag for å bruke norsk i arbeidslivet.

Presist fagspråk gir både tryggleik og effektivitet. Mange arbeidstakarar i Noreg har polsk, svensk, urdu og arabisk som morsmål. Derfor trengst det norsk fagterminologi som alle på arbeidsstaden og i bransjen kjenner til. Termbasar på fleire språk er suverene verktøy for å sikre at dei som skal arbeide saman, kjenner og brukar viktige faguttrykk – at dei forstår kvarandre.

Erobring

Skal vi få til eit løft for norsk fagspråk og fagterminologi, krevst det medvit og ansvar. Medvit hos kvar einskild om kor viktig presis fagterminologi er på studiestaden eller på arbeidsstaden; felles ansvar innan eit fagfelt for å byggje opp kvalitetssikra fagterminologi gjennom termbasar. Språkrådet vil gjerne spele ball med fagmiljø og bransjar som tek ansvar for den språklege infrastrukturen vår. Nasjonale fagråd og profesjonsråd i universitets- og høgskolesektoren kan vere viktige medspelarar for å styrkje norsk fagspråk. Det same er bransjeorganisasjonar og fagforbund i arbeids- og næringslivet. Saman kan vi gå frå domenetap til domeneerobring for det norske språket. Det må til for at vi også i framtida skal kunne setje ord på alt – på norsk språk.

 

Publisert i Aftenposten 18. november 2014

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter