Bli med og ta ansvar for teiknspråk!

(6.10.14) Er du politikar, tilsett i skulen eller i forvaltninga i kommune, fylke eller stat? Då er du velkomen til konferansen «Ansvar for teiknspråk» i Oslo 10. og 11. november. Meld deg på seinast 1. november.

Eitt mål med konferansen er å auke medvitet og kunnskapen om norsk teiknspråk blant politikarar, saksbehandlarar og andre som har ansvar for å sette rettane til teiknspråkbrukarar ut i livet. Eit anna er å gi fagleg påfyll til fagfolk som arbeider med barn og unge på arenaar der det blir brukt teiknspråk.

Det er første gongen Noregs Døveforbund, organisasjonen til teiknspråkbrukarane, og Språkrådet arrangerer ein språkpolitisk konferanse saman.

Program og påmelding

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter