Tiltak for å styrkje statusen til norsk teiknspråk

(8.5.13) Norges Døveforbund, Språkrådet og Kunnskapsdepartementet har etablert eit samarbeid om fire tiltak som skal bidra til å gje norsk teiknspråk høgare status i grunnopplæringa.

Dei fire tiltaka er

  1. tre pilotprosjekt knytte til teiknspråk i opplæringa
  2. rammeverk for munnlege ferdigheiter i teiknspråk
  3. støtte til vidareutdanning innan norsk teiknspråk for lærarar
  4. styrking av Norsk tegnordbok

Tiltaka vil bidra til å gjere norsk teiknspråk betre kjent og meir tilgjengeleg, til beste for teiknspråkbrukarane sjølv og oss alle, meiner Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter