«Terminologen» ‒ ny skriftserie for terminologi og fagspråk

(5.3.13) Språkrådets fagråd for terminologi og fagspråk har oppretta den nye skriftserien. No føreligg første utgåve.

Språkrådets fagråd for terminologi og fagspråk beslutta hausten 2011 å innføre eit årleg seminar om terminologi og fagspråk i Noreg. Seminarforedraga skulle deretter bli publiserte som artiklar i ein skriftserie som har fått namnet «Terminologen».

Første nummer har tittelen: «Juridisk terminologi i noen språk i Norge - status og utfordringer».

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter