Språkrådet viser veg til riktige adressenamn

(7.2.13) Treng gate- og vegnamn å slutte på -gata eller -vegen? Kvifor bør ein skrive Dalsvegen i staden for Dalenvegen? Det er noko av det stadnamntenesta i Språkrådet gjev svar på i ein ny brosjyre.

Stortinget har bestemt at alle bygningar som manglar vegadresse, skal få det. Derfor lagar kommunane no mange nye gate- og vegnamn. Kommunane skal leggje namna fram for stadnamntenesta i Språkrådet før dei vedtek namna. Brosjyren «Namnsetjing av gater og vegar» forklarer korleis kommunane skal gå fram når dei vel namn, og korleis adressenamna bør skrivast.

Dette er nokre av reglane og råda kommunane får:

  • Adressenamna kan gjerne byggje på lokale, tradisjonelle namn, til dømes namn på husmannsplassar, teigar og slåttemarker. Slik tek ein vare på stadnamn som elles kan forsvinne.
  • Bruk gjerne dialektord som brekke, gutu, råk, eller smug i staden for dei meir vanlege etterledda veg og gate. Slik held ein det tradisjonelle ordtilfanget i bruk.
  • Unngå prangande namn som Oppenåsen panorama eller Nylund park.
  • Namna bør vere varierte og passe på staden. Namn kan til dømes kome frå gards- og skogsarbeid, industriverksemd, plantenamn eller dyrenamn.
  • Namna bør vere lette å skrive, lese og uttale. Ei kort samansetjing er som regel betre enn ei lang, slik som Bråtavegen i staden for Rønnerudbråtavegen.
  • Namna bør ikkje verke støytande eller komiske, av omsyn til dei som skal bu i området.
  • Unngå å nytte namn på nolevande personar i adressenamna. Omdømmet til ein person kan endre seg.
  • Fleirledda namn skal vanlegvis skrivast i eitt ord og har bestemt form (Dalsskogen og Nærøybrua, ikkje Dal skog og Nærøy bru).
  • Når namn som Dalen og Fjellet går inn som forledd i andre namn, mister dei vanlegvis den bestemte endinga: Dalsvegen, Fjellvegen.
  • Ved lause samansetjingar skal berre det første ordet ha stor bokstav når resten av namnet er eit fellesnamn i ubestemt form: Nedre gate, Solli plass.

Brosjyren «Namnsetjing av gater og vegar» er send til alle kommunane i landet. Han ligg òg på nettstaden til Språkrådet.

Kontakt

Rådgjevar Ingvil Nordland (tlf. 22 85 40 27) og førstekonsulent Line Lysaker Heinesen (tlf. 22 85 72 36) i stadnamntenesta for Austlandet og Agderfylka

Svein Arne Orvik, informasjonssjef i Språkrådet, tlf. 22 54 19 62 / 938 06 923

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:07.02.2013 | Oppdatert:11.12.2014