Språkrådet på «Oversatte dager»

(21.2.13) «Oversatte dager» går av stabelen frå 28. februar til 2. mars på Litteraturhuset i Oslo. Språkrådet inviterer til arrangement om termar, fagspråk, omsett litteratur og avsluttar det heile med utdeling av Språkgledeprisen.

Torsdag 28. februar, kl. 12.4513.30, Nedjma

Termbasen Snorre

Viss du skal omsetje fagtekstar, er kanskje termbasen SNORRE ein stad å byrje. Standard Norge har samla og registrert over 200 000 termar frå eit breitt utval fagområde og hjelper deg med å finne rett ord på alt frå sportsutstyr til skipsbygging. Kjersti Drøsdal Vikøren presenterer og demonstrerer.

  • Kjersti Drøsdal Vikøren, prosjektleiar hos Standard Norge

Arr.: Standard Norge / Språkrådet


Torsdag 28. februar, kl. 16.0017.00, Kverneland

Litteratur – kva er det?

Kva meiner vi når vi seier litteratur? Korleis blir han framstilt, og kva for undergrupper kan vi dele han inn i? Jan Hoel gjer smakebitar frå dei ulike arbeidsfelta til Språkrådet og ser særleg på fagterminologien og fagspråket: Er det tette skott mellom fagspråklege tekstar og andre tekstar?

  • Jan Hoel, seniorrådgjevar i Språkrådet, formann i Nordisk foreining for leksikografi (NFL), norsk medlem i styret for det nordiske terminologisamarbeidet Nordterm og president for Den europeiske terminologiforening (EAFT).

Arr.: Språkrådet


Fredag 1. mars, kl. 17.1518.15, Wergeland

Språkkafé: Når alle verdas språk blir til norsk

Kva særmerkjer språket i omsett litteratur, og kva vinn og tapar vi ved å omsetje bøker? Får omsetjarane full kunstnarisk fridom, eller er det forlaga som avgjer språkvala? Korleis blir breidda i språket brukt, og kva avgjer valet mellom bokmål og nynorsk i omsett litteratur?

  • Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet
  • Ragnfrid Trohaug, forlagsredaktør for barnebøker i Samlaget
  • Bjørn Herrman, omsetjar, vinnar av Brageprisen 2009 for Herman Melvilles Moby-Dick 
  • Cecilia Alvstad, førsteamanuensis i spansk ved Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk, UiO

Debattleiar: Helene Uri, forfattar og språkvitar.

Arr.: Språkrådet


Lørdag 2. mars, kl. 17.0018.15, Wergeland

Utdeling av Språkgledeprisen

Vinnaren er ein person i norsk offentlegheit som på kreativt vis bidrar til å spreie språkglede og skape begeistring for ulike måtar å uttrykkje seg på. Møt opp og applauder!

Arr.: Språkrådet
Språkåret
Norsk oversetterforening
Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter