Språkrådet lyser ut mastergradsstipend

(14.10.13) Hausten 2013 skal Språkrådet dele ut eit stipend til ein mastergradsstudent som skriv oppgåve om bruk av engelsk og norsk i samfunnet. Stipendet er på 20 000 kroner. Alle studentar som arbeider med relevante problemstillingar, kan søkje.

Vi er interesserte i å få meir kunnskap både om faktisk bruk av engelsk innanfor ulike samfunnssektorar, haldningar til engelsk og norsk og faktorar som fremjar bruk av det eine eller det andre språket. Vi ønskjer dessutan meir kunnskap om vilkåra for å bruke engelsk og norsk i sektorar som arbeids- og næringslivet og universitets- og høgskolesektoren. Dette femner også om haldningar, strukturar og identitetsoppleving knytt til språkbruk.

Språkrådet kjem til å prioritere søknader som kan føre til kunnskap om viktige nye utviklingstrekk.

Søknaden må innehalde:

  • ei skisse på ei side der ein gjer greie for problemstillinga og metoden – det bør også gå fram kor langt ein er komen i arbeidet
  • ei tilråding frå rettleiaren
  • ei utdjuping av problemstillinga og metoden på maksimum tre sider

Søknadsfristen er 11. november 2013. Send søknaden med brev eller e-post:

Språkrådet
Postboks 8107 Dep
0032 OSLO

post@sprakradet.no

Har du spørsmål, kan du kontakte Dag F. Simonsen (tlf. 22 54 19 64, e-post dag.f.simonsen@sprakradet.no) eller Nina Teigland (tlf. 22 54 19 67, e-post nina.teigland@sprakradet.no).

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter