Språkprisen 2013: Hjarteleg til lykke, Gyrid Gunnes og Edvard Hoem!

(12.11.13) «Ein som ikkje har noko å skriva, har alltid kvass blyant, – har du lagt merke til det?» skreiv Olav H. Hauge i dagboka 1. mai 1959. Dette biletet kom han tilbake til fleire gonger. Er det noko Språkrådet skal lovprise i Språkåret 2013, er det dei som bruker dei to norske språka så godt at dei stadig kvesser blyanten, slår på pc-en, skriv noko viktig.

Pristale ved styreleiar Ottar Grepstad på Språkdagen 12. november 2013

Ottar Grepstad | Foto: Gorm Kallestad / NTB ScanpixI år går prisen til to forfattarar som begge skriv på tvers av konvensjonell språkleg praksis. Prisvinnarane er truande til litt av kvart, men først og fremst er dei framifrå representantar for verdien av nynorsk og verdien av bokmål.

Språkrådet ønskjer å vere der språkbrukarane er, anten dei no held seg i Noreg eller søkjer mot enden av verda for å finne ut kor nøye det er med språket. Kvart år gir vi våre språkråd både ut til mange tusen i deira kvardagar og innover til dei mange i forvaltninga og våre politisk overordna. Kva som er god språkbruk, markerer vi først og fremst ved å framheve dei beste og heidre dei med Språkprisen.

Norsk språkråd delte i åra 1992–2003 ut Norsk språkpris til ti sakprosaforfattarar, skiftevis til bokmåls- og nynorskbrukarar. Frå og med 2007 har Språkrådet delt ut Språkprisen. Som ein konsekvens av at Noreg er eit land med ein språkdelt kultur og to offisielle, riksdekkjande norske språk, deler vi no årleg ut prisen til ein bokmåls- og ein nynorskforfattar. Til no har 11 forfattarar fått Språkprisen.

Kvar vår lyser vi ut prisen, og det står alle fritt å kome med forslag. Ein jury oppnemnd av styret gjer dei vanskelege vurderingane og vala, og styret tek med stor glede innstillinga til vitende. Juryen har altså siste ordet og skal finne fram til prisvinnarar som står for «framifrå bruk av norsk i sakprosa». Kandidatar til prisen kan kome frå alle sentrale samfunnsområde, prisen kan gå til ein person eller til ei gruppe, og den kan givast for eit enkeltverk eller ein større produksjon frå dei siste fem åra.

Førsteamanuensis Karianne Skovholt har vore juryleiar. Med seg har ho hatt forfattar og kritikar Espen Søbye, journalist og språkarbeidar Tiril Rem og bibliotekfagleg direktør Kjartan Vevle. Grundig og samvitsfullt har dei lese, tenkt og konkludert. Det har dei gjort på ryddig vis. Det er blitt informert endå meir aktivt om prisen enn før, og det resulterte i fleire nominerte kandidatar. Juryen har difor drøfta og vurdert heile 35 kandidatar – 25 bokmål og 10 nynorsk. Vi takkar for viktig og godt arbeid!

Prisvinnarane får eit diplom høveleg som veggpryd, eit grafisk blad av Kjell Nupen som kan få følgjer for innreiinga av sjølv enkle forfattarheimar, og dei får 50 000 skattefrie kroner. Den dagen pengane er brukte opp, er den korte grunngivinga der enno. Den seier noko viktig til kvar prisvinnar om kva Språkrådet meiner særkjenner deira innsats for å utvikle norsk sakprosa vidare.

”Vinneren av bokmålsprisen er teolog og har i flere år arbeidet som prest. Hun er kontroversiell innenfor sitt fag. Det skyldes blant annet hennes språkbruk i prekener. Hun er en uredd og insisterende forfatter som viser sammenhengen mellom språk, likestilling og etikk i kirkens hellige tekster. «Gud er kledd i menneskers språk om Gud», sier hun. «Å ikke kunne utsette dette språket for kritisk utforskning er blasfemi.» På denne måten argumenterer hun for at språket i hellige tekster må kritiseres, ikke bare innenfor teologifaget, men også i det offentlige rom som gudstjenesten er en del av.

Et viktig prosjekt for forfatteren er å gi kvinnen samme status som mannen i Bibelen. Derfor prøver hun ut nye måter å bruke liturgispråket på som kan appellere til kvinner og menn i det 21. århundret. For å få til dette bruker hun provoserende og tankevekkende negasjoner som «Slik lyder ikke Herrens ord» og «å forkynne Guds ord klart og urent». Gud tiltaler hun konsekvent som kvinne. Prisvinneren løfter teologiske og eksistensielle spørsmål ut i offentligheten med en enestående klarhet og presisjon. «Hvordan har det påvirket vår kultur at den er formet av en religion som ikke har kunnet forestille seg Gud som kvinne?» spør hun blant annet.

Språkprisen 2013 for fremragende bruk av bokmål går til Gyrid Gunnes for boka Stemmer. Å forkynne Guds ord klart og urent. Utkast til en feministisk prekenpraksis (2013) og for kronikker publisert i Dagbladet og Morgenbladet.”  

”Blant biografar i samtida står vinnaren av nynorskprisen i ei klasse for seg. Med stilsikker språkføring engasjerer han lesaren ved å skildre livet og samtida til han som det blir sagt har levd det mest innhaldsrike livet av alle nordmenn gjennom alle tider. I empati med hovudpersonen, men ikkje utan kritiske vurderingar, greier forfattaren å formidle kor lidenskapeleg og fascinerande ein av våre store nasjonalskaldar verkeleg var. Frå tusental brevkorrespondansar, avisartiklar, talar, skodespel, romanar, dikt og politiske intervensjonar  aktualiserer, levandegjer og fornyar prisvinnaren biletet av ein forfattar og nasjonsbyggjar som nok for fleire har verka heller nedstøva. Andre har tidlegare freista å skildre heile livet til denne diktarhøvdingen, ingen har klart det før årets prisvinnar. Oppgåva har vore for stor.

Vinnaren av nynorskprisen skriv lett og ledig, men aldri likegyldig. Han greier å framstille ei kompleks og nokså turbulent historie med stort kjeldetilfang i eit klårt og presist nynorsk språk. Ein av bokmeldarane karakteriserer det første bandet av serien som «noko så sjeldant som ein lettlesen murstein», andre «fryder seg», «overveldes» og «imponeres».  Med dei fire banda i biografien om Bjørnstjerne Bjørnson har han løfta heile den nyare norske historia inn i moderne nynorsk språkdrakt. ” 

Språkprisen 2013 for framifrå bruk av nynorsk går til Edvard Hoem for den fire band sterke biografien om Bjørnstjerne Bjørnson utgitt 2009–2013.

Gyrid Gunnes og Edvard Hoem, hjarteleg til lykke med Språkprisen 2013!

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter