Språkval i høgare utdanning og forsking

(9.4.13) Tysdag 16. april held Språkrådet språkkafé på Litteraturhuset i Bergen, der eit panel skal diskutera språkpolitikk i høgare utdanning og særleg omgrepet «parallellspråklegheit med preferanse for norsk».

I panelet sit mellom andre dei to rektorkandidatane ved Universitetet i Bergen, Kuvvet Atakan og Dag Rune Olsen, direktør Arnfinn Muruvik Vonen i Språkrådet, gruppeleiar Oddny Miljeteig i Bergen SV og professor Anders Johansen ved Universitetet i Bergen, som har skrive rapporten Språkmeldingen som handlingsplan: Retorikk og resultater.

Arrangementet er ope for alle, og det blir servert kaffi. Vel møtt!

Stad: Fosse-stova
Tid: kl. 19.00

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter