Nynorskkurs for statstilsette 4. og 5. mars

(8.2.13) Direktoratet for forvaltning og IKT skipar 4. og 5. mars til eit todagarskurs i nynorsk for statstilsette, «Nynorsk i arbeidet», med kurshaldarar frå Språkrådet.

Føremålet med kurset er å gjere deltakarane betre i stand til å bruke nynorsk som arbeidsspråk.

 Deltakarane skal styrkje nynorskkompetansen sin for at dei skal 

  • bli meir fortrulege med nynorsk språkføring og ordval
  • kunne nytte nynorsk meir effektivt i arbeidet
  • få større glede av å nytte nynorsk

Kurset blir halde i Oslo og er gratis for deltakarane. Påmeldingsfristen er 21. februar.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.02.2013 | Oppdatert:11.12.2014