Læreplanforslag bryt med norsk språkpolitikk

(6.3.13) Utkastet til endra læreplan i norsk vil svekkje situasjonen for nynorsk ved å gje dei fleste elevane lågare nynorskkompetanse enn det dei får i dag. Det strir mot det Stortinget har sagt om at nynorsk skal styrkjast, skriv Språkrådet i ei høyringsfråsegn til Utdanningsdirektoratet.

Språkrådet peikar på at viss læreplanutkastet blir innført, vil bokmålselevar frå hausten få svakare opplæring i nynorsk.

– Aukar presset mot nynorskbrukarane

– Viss bokmålselevane går ut av skulen med lågare nynorskkompetanse enn i dag, blir det tyngre å vere nynorskbrukar i samfunnet. All ny opplæringspolitikk må bidra til at både bokmålselevar og nynorskelevar får bli betre i nynorsk enn i dag. Viss ikkje, vil nynorskbrukarane møte eit stadig sterkare press om å bruke bokmål i store delar av samfunnslivet, seier Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet.

– Utkastet frå Utdanningsdirektoratet bryt med prinsippet om at målformene er jamstilte. Og utkastet bryt med prinsippet Stortinget slutta seg til med behandlinga av språkmeldinga «Mål og meining»: at nynorsk skal styrkjast. Språkrådet kan ikkje gå god for ein læreplan i norsk som verkar motsett av dei språkpolitiske prinsippa vi er sette til å ha tilsyn med, seier Vonen.

– Det er bra at det nyaste læreplanutkastet har fått inn språkpolitiske vurderingar, men dei samla konsekvensane av utkastet er framleis ikkje i tråd med norsk språkpolitikk, seier Vonen.

Betre og tidlegare opplæring, meir kompetente lærarar

Som statens fagorgan i språkspørsmål meiner Språkrådet at dette må til for å sikre nynorsk ei god utvikling:

  • Bokmålselevane må få tidlegare og betre skriveopplæring på nynorsk.
  • Nynorskelevane må få styrkt skriveopplæring på nynorsk. Dei må få bruke skriftleg og munnleg nynorsk i alle fag.
  • Lærarane må få heva kompetanse i god nynorskopplæring.

I høyringsfråsegna poengterer Språkrådet at opplæring i skriftleg norsk er kjernen i norskfaget. Skal faget avgrensast, må det gjerast på anna vis enn å skjere ned på skriveferdigheitene i faget. Meistring i begge målformer må dokumenterast på vitnemålet.

Språkrådet skriv òg at jamstillinga mellom målformene tilseier at ein framleis bør bruke omgrepa bokmål og nynorsk i læreplanverket, ikkje føre inn att hovudmål og sidemål. Likeins meiner Språkrådet at standpunktkarakter og eksamenskarakter i skriftleg norsk bør vere i nynorsk og i bokmål.

 


Kontaktinformasjon:

Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet, tlf. 986 25 617
Svein Arne Orvik, informasjonssjef i Språkrådet, tlf. 938 06 923

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter