Kom på språkkafé om teiknspråk på Litteraturhuset i Oslo

(9.9.13) Korleis kan vi legge til rette for at norsk teiknspråk blir meir synleg og får høgare status? Kva for utfordringar møter vi, og korleis kan alle bidra? Språkrådet og Foreningen norsk tegnspråk (FONTS) inviterer til språkkafé fredag 20. september.

Velkomen til ein samtale om teiknspråk på Litteraturhuset.

«Fra gest til språk – tegnspråkets plass i det norske samfunnet»

I panelet sit:

  • Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet
  • Hedvig Sinnes, forbundsleiar i Norges Døveforbund
  • Ruth E. Vatvedt Fjeld, prorektor ved Universitetet i Oslo
  • Marie Elise Axelsen, avdelingsdirektør fag og prosess i Statped
  • Mira Zuckermann, teatersjef i Teater Manu
  • Tone Tellevik Dahl, leiar for helse-og sosialkomiteen, Oslo Bystyre

Leiar for paneldebatten:

  • Paal Richard Peterson, leiar i FONTS

Stad: Litteraturhuset i Oslo, Kjelleren
Tid:
Fredag 20. september kl. 18.30–20.30 (dørene opnar kl. 18.00)

Arrangementet blir tolka.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:09.09.2013 | Oppdatert:11.12.2014