Klarspråk i staten nyttar

(29.11.2013) Klarspråksarbeidet i staten har gitt gode resultat i form av betre og klarare tekstar til innbyggjarane. Men det trengst framleis meir arbeid, viser ein evalueringsrapport om effektane av prosjektet «Klart språk i staten».

Evalueringa viser at det har vore gjort mykje godt klarspråksarbeid i løpet av prosjektperioden (2009–2012), både i det sentrale prosjektet «Klart språk i staten» og i verksemdene. Meir enn 60 verksemder har fått støtte frå det sentrale prosjektet, og det har vore stor entusiasme kring klarspråksarbeidet i staten.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:29.11.2013 | Oppdatert:13.04.2021