Har du kandidatar til Språkprisen 2013?

(16.4.13) Kjenner du til leseverdige tekstar eller skrifter som fleire burde få høyra om? I så fall kan du føreslå dei for Språkrådet, som kvar haust deler ut to prisar for framifrå bruk av norsk i sakprosa, ein pris for kvar målform.

Sakprosa femner vidt, frå brosjyrar og vekeblad til nettstader og akademiske avhandlingar, frå lærebøker til pamflettar. Prisane kan gå til einskildverk eller produksjonar frå dei siste fem åra og kan gå til einskildpersonar eller grupper. All tekst som høyrer til under kategorien sakprosa, kan vurderast.

– God sakprosa engasjerer leseren i saken. Språkprisen skal løfte fram den gode formidleren, han eller hun som greier å etablere og opprettholde kontakt med leseren, side etter side, uavhengig av sjanger eller tema. Vinnere av Språkprisen holder et språklig høyt nivå, seier juryleiar Karianne Skovholt.

Nominer før 20. juni
Du kan senda framlegg til kandidatar før 20. juni til eilov.runnesto@sprakradet.no.

Prisane blir delte ut på Språkdagen 12. november 2013.

Kontakt: juryleiar Karianne Skovholt, tlf. 33 03 70 94 (arbeid) eller  912 43 036 (mobil)

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.04.2013 | Oppdatert:11.12.2014