Frukostseminar om nynorsk i staten
(30.4.13) Språkrådet inviterer til seminar tysdag 28. mai 2013. Seminaret er for deg som arbeider med å få ei jamnare fordeling mellom målformene på arbeidsplassen din.
Du får vite
- korleis andre arbeider for å få meir og betre nynorsk i sine etatar
- korleis du kan spreie informasjon om regelverket
- kva som finst av nynorskkurs og nyttige hjelpemiddel
- kva mållova krev av statsorgan og på kva område de bør setje inn kreftene
Tidspunkt | Hending |
---|---|
Frå 08.30 | Frukost |
09.00 | Opning ved direktør i Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen |
09.05 |
Slik lykkast du med nynorskarbeidet – gode råd frå andre statsorgan |
10.00 | Pause |
10.10 |
Språkrådet hjelper deg – informasjon om mållova, kurstilbod og hjelpemiddel |
10.50 | Spørsmål |
Praktisk informasjon
Tid: tysdag 28. mai 2013 kl. 09.00–11.00.
Stad: lokala til Språkrådet i Observatoriegata 1 B, Oslo.
Seminaret er gratis. Påmelding til astrid.marie.grov@sprakradet.no seinast 24. mai 2013.
Velkomen!
Kontaktpersonar:
Astrid Marie Grov, e-post: astrid.marie.grov@sprakradet.no, tlf.: 22 54 19 76
Kjetil Aasen, e-post: kjetil.aasen@sprakradet.no, tlf.: 22 54 19 68