Dei nordiske datalingvistikkdagane, 22.-24. mai 2013

(5.2.13) Korleis kan vi halde språkteknologiske produkt oppdaterte når språket endrar seg raskt? Dette spørsmålet (og andre) blir tatt opp i ein språkverkstad. Vil du bidra?

Dei nordiske språknemndene si arbeidsgruppe for språkteknologi (ASTIN) arrangerer ein arbeidsverkstad på dei nordiske datalingvistikkdagane (NoDaLiDa 2013), som blir haldne i Oslo frå 22. til 24. mai 2013. Arrangementet går føre seg på Universitetet i Oslo, og med dette inviterer vi alle som vil bidra med innlegg på arbeidsverkstaden, til å melde seg ved å sende inn ein kortversjon av innlegget. Meir opplysningar finst i dette vedlegget.

På arbeidsverkstaden ønskjer vi å diskutere korleis vi kan halde språkteknologiske produkt som til dømes nyttar talegjenkjenning, oppdaterte slik at dei held følgje med språkutviklinga til kvar tid. Kva metodar og  ressursar treng vi, korleis kan vi utvikle system for raske oppdateringar og korleis skal vi handtere opphavsrettane? Desse spørsmåla (og fleire med) vil vi gjerne diskutere på arbeidsverkstaden under NoDaLiDa 22. mai 2013.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.02.2013 | Oppdatert:13.04.2021