Analyse av språkmeldinga som handlingsplan

(15.1.13) Professor Anders Johansen har analysert språkmeldinga «Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk». Forfattaren legg vekt på forholdet mellom språkpolitikken og universitetspolitikken. Analysen er publisert i serien «Språkrådets skrifter».

I dette skriftet analyserer professor Anders Johansen ved Universitetet i Bergen stortingsmeldinga «Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk», ofte kalla språkmeldinga. Utgangspunktet for analysen er det overordna målet i meldinga, å «styrkja og utvikla norsk språk som eit rikt og funksjonelt bruksspråk og som uomstridt nasjonalspråk og hovudspråk i Noreg». I analysen legg forfattaren vekt på forholdet mellom språkpolitikken og universitetspolitikken.

Språkmeldinga er det grunnleggjande uttrykket for gjeldande språkpolitikk i Noreg og ligg mellom anna til grunn for at Språkrådet har fått utvida mandatet sitt.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter