Språknytt 1/2012

(19.3.12) Årets første nummer av Språknytt er ute. Her kan du lese om politimeister Ellen Katrine Hætta, som fortel om virket sitt som samisk jurist og møtet med tolka språk i rettssalen. Patentstyret forklarer korleis ein kan få einerett på ord. Og spanskfilologar samanliknar faste uttrykk i spansk og norsk.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Vidare kan du lese om det internasjonale fagfeltet klarspråk, om opprettinga av Norsk språkråd for 40 år sidan, om Termbasen SNORRE, om behandlinga av klager på mållova og om ord som nettbrett for det engelske tablet-PC. Bladet inneheld som vanleg spaltene Lesarspørsmål, Nyord, Kort, Med andre ord og Historia bak.


 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.03.2012 | Oppdatert:19.11.2021