Språkmangfald er rikdom

(13.11.12) Fleire språk gjev fleire vegar til målet om god kommunikasjon mellom folk og styresmakter.

Kronikk av Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet, i Aftenposten på Språkdagen 13. november 2012:

I dagane før orkanen Sandy feia inn over Nord-Amerika for eit par veker sidan, var effektiv informasjon til innbyggjarane særs viktig. Kva område hadde størst risiko for å bli ramma av uvêret, kven skulle evakuere heimane sine, kva skulle dei ta med seg? Kva planar hadde styresmaktene? Igjen vart vi minte på korleis ekstraordinære hendingar, som uvêr og terroråtak, utfordrar evna vår til å kommunisere.

Språkleg kvalitet
Ekstraordinære hendingar av slik storleik og slikt alvor er heldigvis ikkje kvardagskost. Men sjølv om ei melding har eit meir daglegdags innhald, kan det vere avgjerande at ho når fram, at ho blir forstått av mottakaren. I 2012 lanserte regjeringa i Noreg digitaliseringsprogrammet ”På nett med innbyggjarane”. I framtida skal skriftleg kommunikasjon mellom folk og forvaltninga først og fremst skje digitalt, og ikkje på papir. For å hauste fordelane av dette er det sjølvsagt viktig at det som står, er forståeleg. Statsorgana skal vere føredøme på språkleg kvalitet. Språket skal vere klårt, det skal vere korrekt, og det skal følgje lovheimla målbruksreglar.

Svadaen lever utrygt
At språket skal vere klårt, vil seie at det skal vere enklare, tydelegare og meir forståeleg for innbyggjarane enn det som har vore tradisjonen i offentlege tekstar. Arbeidet med klårt språk i staten har vekt stor merksemd og sympati dei siste åra, og fleire statsorgan har kome langt i dette arbeidet, sjølv om det framleis hender at statsorgan skriv ting som kunne vore henta frå svadageneratoren på nettstaden til Språkrådet: ”Grunnet en tverrfaglig utvikling tilgjengeliggjøres insentivene parallelt med kjernevirksomheten.”

Rett, ikkje slett
At språket skal vere korrekt, vil seie at det følgjer dei offisielle rettskrivingsreglane som er fastsette av Kulturdepartementet. Den siste rettskrivingsreforma for bokmål er frå 2005, og for nynorsk fekk vi ny rettskriving den 1. august i år. Det er slutt på den tidlegare ordninga med hovudformer og sideformer i rettskrivinga. Det som er rett å skrive for ein skuleelev, er òg rett for ein statstilsett. Det er viktig at statstilsette har lett tilgang til rettskrivingsinformasjon i kvardagen sin. Enno er det noko att før vi kan seie at vi jamt over kan vere heilt nøgde med rettskrivinga i statlege tekstar.

Ikkje i mål enno
At språket skal følgje lovheimla målbruksreglar, vil seie at reglane i lov om målbruk i offentleg teneste blir følgde. Valet mellom nynorsk og bokmål i statlege tekstar er ikkje ei privatsak for den einskilde statstilsette. Til dømes skal sentrale statsorgan syte for at det er ei god fordeling mellom målformene i det skriftlege materialet dei produserer. Diverre blir det jamt over skrive mindre nynorsk i statsorgana enn det lova krev. Over tid har vi likevel sett ei viss betring.

Ei krise, tre språk
I dag er Språkrådet vertskap for Språkdagen 2012. Gjennom føredrag og debatt skal vi minne om kor viktig det er å nå fram til kvarandre ved hjelp av språket og språka.

Lat oss vende attende til orkanen Sandy og til korleis styresmaktene i USA løyste kommunikasjonsutfordringane sine. På Internett finn vi fleire videoopptak av pressekonferansar som vart haldne av borgarmeisteren i New York, Michael Bloomberg. På engelsk, hovudspråket i USA, gjer han greie for det innbyggjarane bør få vite om risiko og forholdsreglar og tiltak. Ved sida av han står ein tolk som tolkar alt han seier, til amerikansk teiknspråk. På slutten av utgreiinga gjentek borgarmeisteren hovudpunkta sine, men no på spansk.

Kvifor fleire språk?
Amerikansk teiknspråk og spansk er mellom dei største minoritetsspråka i USA. Ved å inkludere desse språka i pressekonferansen oppnådde Bloomberg minst to ting. For det første fekk han spreidd den livsviktige informasjonen om orkanen til endå fleire enn om han hadde halde seg til engelsk. Ikkje alle spansktalande i New York meistrar engelsk så godt. Og mange av dei som bruker amerikansk teiknspråk, er døve og høyrer ikkje det som blir sagt på talespråk.

For det andre fekk han vist tv-sjåarane at han veit at han leier ein mangespråkleg by. Ved å synleggjere desse språka signaliserte han at alle som bur i byen hans, var med i målgruppa for informasjonen.

På betre tankar
I Noreg er vi framleis ikkje heilt vane med å tenkje på samfunnet vårt som mangespråkleg. Nasjonsbygginga frå 1800-talet av hadde sterke språkpolitiske element som heng sterkt i enno. Noko av det som vart oppnådd gjennom langvarig og kunnig innsats frå flinke folk, ser vi resultatet av i dag: Eit veletablert hovudspråk i landet, norsk, med ikkje berre eitt, men to tilhøyrande skriftspråk, kvart med sterke litterære tradisjonar. Etter kvart har òg mangfaldet i det munnlege språket, dialektane, blitt akseptert som den rike delen av kulturarven vår det er. Men andre sider av den språklege kulturarven vår hamna på skuggesida i denne språklege nasjonsbygginga. Samar, kvener, romani- og romanestalande, teiknspråkbrukarar og andre fekk lære seg at språka deira ikkje var like verdfulle som norsk.

Noreg har kome på betre tankar. Vi har byrja å ta inn over oss at språkleg variasjon og mangespråklegheit er det normale og dessutan eit uttrykk for rikdomen i eit samfunn. I Språkrådet tok vi i fjor inn norsk teiknspråk blant dei språka vi har eit særskilt ansvar for, og frå årsskiftet får vi eit ansvar for nasjonale minoritetsspråk og nyare innvandrarspråk.

Språkmedvit
Medvitet om verdien av språkleg mangfald og medvitet om kvalitet i statsspråket kan sjåast som to sider av same sak: Mangt blir betre i samfunnet vårt om vi er medvitne om språket, at det ikkje er eitt feitt korleis vi uttrykkjer oss. I 2013 skal vi markere det nasjonale språkåret her i landet.

Då skal vi yte vårt beste for å gjere språket og språka synlege og utvikle eit endå sterkare språkmedvit. For språkmangfald er ikkje rot, men rikdom.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter