Rådgjevar i Språkrådet med doktorgrad på tverrfaglege omgrep i akvakultur

(15.3.12) Kva skjer når ulike fagfelt møtest for å løyse komplekse praktiske problem? I doktoravhandlinga si analyserer Ole Kristian Våge 114 omgrep frå fagfeltet akvakultur for å diskutere fenomenet tverrfaglegheit frå ein terminologisk ståstad.

Våge er rådgjevar i terminologitenesta i Språkrådet.

Analysen syner at ulike epistemologiske krefter er med på å danne akvakultur som ein tverrfagleg disiplin. Kunnskap frå ulike opphav som rettsvitskap, etikk, rekneskapslære, biologi, genetikk, teknologi, medisin, fiskeri osb. møtest og gjev opphav til nye omgrep i akvakultur. Denne omgrepsanalysen viser at akvakultur oppstår i skjeringspunktet mellom natur og kultur.

Opphava til desse omgrepa kan langt på veg forklarast med at kunnskapsproduksjonen i akvakultur er problemløysingsorientert, noko som vert gjenspegla i definisjonane av omgrepa. Analysen syner samstundes at fagfeltet er dynamisk med ustabile omgrep. Funna i avhandlinga vitnar om at akvakultur rommar ulike perspektiv på eitt og same studieobjekt, oppdrettsfisken. Gjennom terminologisk teori forklarar Våge korleis ein oppdrettsfisk vert konseptualisert på ulikt vis og dimed utgjer ein multidimensjonell referent.

Våge nyttar nyare litteratur om tverrfaglegheit frå vitskapsfilosofien og koplar denne saman med terminologisk teori og metode. Analysen av overskridinga av dei tradisjonelle faggrensene har difor gjeve opphav til ny innsikt som tilfører nye element til terminologisk teoridanning.

Tid og stad for prøveforelesinga
Tid: Torsdag 15. mars 2012, kl. 16.00.
Stad: Auditorium B, Sydneshaugen skole, Sydnesplassen 9.

Tid og stad for disputasen
Tid: Fredag 16. mars 2012, kl. 09.30.
Stad: Auditorium B, Sydneshaugen skole, Sydnesplassen 9.
Disputasen vil vere på spansk.

Les meir

   

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter