Om rettsstillinga til nynorsken

(10.2.12) Nynorsk er eit mindretalsspråk, men ikkje eit minoritetsspråk etter dei definisjonane som finst i artikkel 1 i minoritetsspråkpakta, skriv Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet, i dette innlegget i Dag og Tid.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Kåre Lunden stiller i Dag og Tid 3. februar Språkrådet følgjande spørsmål: Kan menneskerettserklæringa og den europeiske minoritetsspråkpakta, som Noreg har underteikna, brukast til å seie noko om rettsstillinga til nynorsk? Bakgrunnen for spørsmålet frå Lunden er ein kommentar i Morgenbladet nr. 4, som er kritisk til at staten «forlenger nynorskens liv» gjennom blant anna sidemålsopplæringa. Lunden meiner kommentatoren går ut frå at staten står fritt til å «leggje ned» nynorsk.

Nynorsk er eit mindretalsspråk, men ikkje eit minoritetsspråk etter dei definisjonane som finst i artikkel 1 i minoritetsspråkpakta. Nynorsk er ein likeverdig og likestilt variant av det «offisielle» språket norsk, og ikkje til dømes eit språk som har offisiell status berre i delar av landet. I artikkel 3 går det likevel fram at den ratifiserande staten kan verne både regions- og minoritetsspråk og «offisielle språk som er mindre brukt på hele eller deler av dens territorium». Til dømes har Finland valt å verne det offisielle språket svensk etter denne artikkelen. Då Noreg ratifiserte pakta, kunne nynorsk fått vern som ei mindre brukt, offisielt likestilt målform, men fekk det altså ikkje.

Stortingsmeldinga Mål og meining (2007–2008) peikar på at det norske språkets status «ikkje er slått uttrykkjeleg fast i lov eller anna formelt regelverk. Rett nok kan lova om målbruk i offentleg teneste indirekte oppfattast som ei slags formalisering av ein offisiell status. Men denne lova nemner ikkje og regulerer ikkje bruk av norsk språk generelt; ho regulerer forholdet mellom bruk av bokmål og nynorsk.» Førebels er det altså mållova som gjev både bokmål og nynorsk noko som liknar eit rettsleg vern.

Tilhøvet mellom retten til språk og dei allmenne menneskerettane er for lite utgreidd i norsk samanheng til at Språkrådet vil meine noko om saka i denne omgangen. Til liks med Lunden er også Språkrådet interessert i at «stats- og folkerettslærde» uttalar seg om spørsmåla hans.
    

Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:03.02.2012 | Oppdatert:19.11.2021