Lærerikt og inspirerande om nynorsk i staten

(30.3.12) Gode rutinar, og leiarane med på laget. Det var stikkorda då over 50 statstilsette var samla i Språkrådet for å få vite korleis dei kan få til meir nynorsk i etatane sine.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Signala frå både Kulturdepartementet og Språkrådet dei siste åra har vore klare: Statsorgana skriv for lite nynorsk.  Men somme får det til. Til seminaret hadde Språkrådet invitert tre innleiarar frå statsorgan som dei siste åra har gjort eit godt arbeid for å auke nynorskbruken, og som difor har mykje å lære bort. Målet med seminaret «Kom i målform. Seminar om nynorsk i staten» var å inspirere statstilsette til å få laga fleire og betre tekstar på nynorsk og setje i gang gode nynorsktiltak. Fiskeri- og kystdepartementet ved Bjarne Myrstad, Noregs vassdrags- og energidirektorat ved Hanne Bakke og Universitetet i Bergen ved Ellen Grong greidde i løpet av tre korte innlegg å gje både inspirerande og lærerike tips.

Staten som føredøme

– Fordi den nynorske målforma framleis blir diskriminert i store delar av massemedia og næringslivet, er det ekstra viktig at staten går fram som eit føredøme, meiner Bjarne Myrstad i Fiskeri- og kystdepartementet. Myrstad har arbeidd som rådgjevar i departementet i ei årrekkje, og han har vore ei viktig drivkraft for å få til meir og betre nynorsk der. Mykje takka vere ein ivrig departementsråd som sette i gang språkarbeid, har Fiskeri- og kystdepartementet blitt best i klassen blant departementa når det gjeld å oppfylle krava i mållova. Myrstad peika òg på at satsinga på nynorsk i departementet har ført til større medvit om god språkføring på bokmål.

Krafttak hjå NVE

Som nytilsett kommunikasjonsrådgjevar i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) opplevde Hanne Bakke at mappa «Nynorsk» på datamaskina ikkje hadde blitt opna på eitt år. No er veksling mellom målformene eit tema for alle i organisasjonen, og ansvaret ligg ikkje lenger hjå kommunikasjonsavdelinga åleine. Avdelingane har ansvaret for å føre statistikk over fordelinga av målformene, og resultata blir lagde fram på leiarmøta kvar månad. Bakke drog òg fram at det ligg mykje i ordbruken: «Nynorskprosent» er blitt erstatta med «etterleving av mållova», og etterleving av mållova er blitt ein integrert og naturleg del av den daglege drifta i NVE.

Nynorsk eller internasjonalt? Ja takk, begge delar!

Universitetet i Bergen er språkuniversitetet med stor S. I fleire år har universitetet jamt over hatt ei svært god veksling mellom målformene. I tillegg blir det satsa stort på internasjonalisering. No har universitetet oppretta ei treårig stilling som skal arbeide vidare med all språksatsinga ved universitetet. Ellen Grong, som er tilsett i stillinga, fortalde om ei ivrig leiing som ikkje ser nokon motsetnad mellom satsing på nynorsk og satsing på engelsk. – Hjå oss får utanlandske tilsette skreddarsydde nynorskkurs, fortalde Grong.

«Lærerikt», «inspirerande», «nyttig» og «klargjerande» var nokre av kommentarane frå seminardeltakarane.

For lite nynorsk i organisasjonen? Her får du ei oppsummering av dei viktigaste råda frå seminaret:

  • gode rutinar som blir følgde (t.d. faste tekstar på nynorsk)
  • tydelege signal frå leiinga
  • forankring i leiinga
  • plassering av ansvar, t.d. i kvar avdeling
  • god informasjon om regelverket
  • opplæring av tilsette i nynorsk

 
Treng du fleire gode tips? Sjå den splitter nye brosjyren Nynorsk i staten. Reglar og råd.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:30.03.2012 | Oppdatert:19.11.2021