10 000 norske nyord i ny bok

(14.9.12) Når kom pappvin, kebab og villfisk inn i språket? Det er noko av det ordboka Nyord i norsk gjev svar på. Språkrådet har vore med og laga boka, som kjem ut i haust.

Ordboka tek for seg nye ord frå åra 1976–2005. Med 10 000 oppslagsord viser boka korleis samfunnsutviklinga har sett spor i språket. Til dømes har innvandring, auka likestilling og teknologisk utvikling gjeve oss nye ord som falafel, pressetalskvinne og minnepinne.

– Nye ord kjem stadig til. Nokre av dei er døgnfluger, men andre slår så godt rot at det er vanskeleg å forstå at dei ikkje alltid har vore ein del av språket vårt. Nyord i norsk gjev innblikk i samtidas språkhistorie, seier Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet.

Universitetet i Oslo og Språkrådet har samla nyorda, og Språkrådet har vore med på å redigere boka. Tor Guttu og Boye Wangensteen er hovudredaktørar. Det er Kunnskapsforlaget som gjev ut Nyord i norsk.

  

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter