– Redusert sidemål vil svekkje norsk språk

(8.3.12) «Nynorskelevar og bokmålselevar har ein felles språkleg arv og eit felles språkleg ansvar og rett til å lære seg nasjonalspråket med dei to målformene. Både statusen til, bruken av og skriveferdigheitene i det mindre brukte nasjonalspråket nynorsk er avhengig av ei velfungerande sidemålsopplæring», skriv Språkrådet i eit brev til Kunnskapsdepartementet.

I brevet går Språkrådet imot framlegget frå Utdanningsdirektoratet om å redusere den skriftlege sidemålsopplæringa. Språkrådet poengterer at det ikkje er stadfesta gjennom forsking at ein blir betre i hovudmålet viss ein får mindre opplæring i sidemål.

Språkrådet skriv at god sidemålsopplæring må til for å motverke at elevar byter frå nynorsk til bokmål. «Dess lågare nynorskkompetansen til bokmålsbrukarane vert, dess høgare vert venteleg terskelen for at dei brukar nynorsk – noko som vil bidra til å marginalisere nynorsk og nynorskbrukarar», står det i brevet. Språkrådet meiner at sidemålsopplæringa treng fornying, og at føremålet med sidemålsopplæringa må kome betre fram i den nye læreplanen for norsk, noko også Utdanningsdirektoratet etterlyser.

Gjeldande språkopplæringspolitikk

Språkrådet skriv at arbeidet med ny læreplan i norsk må byggje på dei to grunnleggjande dokumenta for språkpolitikken og språkopplæringspolitikken som Stortinget har behandla:

  • Kunnskapsdepartementet understrekar i meldinga Språk bygger broer at «[e]t premiss for den demokratiske språkpolitikken i Norge er at de to norske målformene nynorsk og bokmål til sammen utgjør det nasjonalspråket som alle norske statsborgere har rett og, på visse betingelser, plikt til å lære. Det overordnede målet i den generelle norskplanen i Kunnskapsløftet er at alle elever skal få en bred språkkompetanse som omfatter kompetanse i både bokmål og nynorsk.»
  • Meldinga Mål og meining frå Kulturdepartementet slår fast at «det er viktig å sikra skuleelevar god opplæring i begge målformer, og sidemålsundervisninga må utviklast og utbetrast, ikkje reduserast».

Språkrådet reknar ikkje omtalen av sidemål i meldinga Motivasjon – Mestring – Muligheter som grunnleggjande språkopplæringspolitikk, og viser til eit avisinnlegg der kunnskapsminister Kristin Halvorsen skriv at føringane frå Språk bygger broer framleis er grunnlaget for arbeidet til departementet.

– Dårleg grunnlag

Språkrådet er kritisk til utvalet av informasjon i brevet om sidemål og hovudmål som Utdanningsdirektoratet sende til Kunnskapsdepartementet 19. januar. «Mykje av det ein veit om utvikling av skrivekunne og om opplæringa i sidemål, kjem ikkje fram i brevet frå Utdanningsdirektoratet, noko som gir eit dårleg grunnlag for å drive ei kunnskapsbasert utvikling av kunnskapspolitikken», skriv Språkrådet.

Språkrådet ber departementet leggje vekt på prosjektresultat frå Nynorsksenteret og råd frå Forum for norskfaget, som åtvarar mot å fjerne eigen karakter i sidemål. Forumet viser til at eksamen styrer opplæringa, og at ein felleskarakter i norsk kan føre til at delar av faget kan bli skubba til sides. Forumet meiner òg at opplæringa i sidemål må starte tidlegare. Dersom elevane ikkje skal dokumentere kunnskap i skriftleg sidemål verken med standpunktkarakter eller obligatorisk eksamen, vil truleg den skriftlege opplæringa i sidemål gradvis kunne forsvinne frå undervisninga.

Kontakt:

  • Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet, tlf. 986 25 617
  • Sigfrid Tvitekkja, fagkoordinator i Språkrådet, tlf. 915 35 823
  • Svein Arne Orvik, informasjonssjef i Språkrådet, tlf. 938 06 923

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter