– Endringar i norskfaget må følgje gjeldande språkpolitikk

(5.11.12) I eit brev til kulturministeren og kunnskapsministeren skriv Språkrådet at endringar i læreplan og vurdering i norskfaget bør sikre betre vilkår for nynorsk, i tråd med den vedtekne språkpolitikken.

«[D]et uroar oss særleg at skriveferdigheitene i framlegget blir presiserte på ein slik måte at det kan svekkje vilkåra for å halde oppe norsk, særleg nynorsk, i alle delar av samfunnet», skriv Språkrådet om læreplanforslaga frå Utdanningsdirektoratet.

I brevet oppfordrar Språkrådet kulturministeren og kunnskapsministeren til saman å sikre at utdanningsstyresmaktene ivaretek vesentlege språkpolitiske omsyn når læreplanen i norsk no blir revidert. Utdanningsdirektoratet har kome med forslag til Kunnskapsdepartementet, som skal sende eit læreplanframlegg ut på høyring.

– Læreplanforslag vil gje svakare opplæring
«Forslaga til revidert læreplan og nye ordningar for sluttvurdering vil innebere svakare opplæring i nynorsk for bokmålselevar og i bokmål for nynorskelevar. Kva status nynorsk har i samfunnet, og kva område nynorsk blir brukt på, heng nok mellom anna saman med kva plass nynorsk får i norsk og andre fag i skulen. Vi finn det nødvendig å stille spørsmålet om dette er i samsvar med gjeldande språkpolitikk om å fremje nynorsk språkbruk spesielt», heiter det i brevet frå styreleiar Ottar Grepstad og direktør Arnfinn Muruvik Vonen i Språkrådet.

«Eit viktig mål for revisjonen er å forbetre opplæringa i grunnleggjande ferdigheiter. Det er eit mål vi deler, men det uroar oss særleg at skriveferdigheitene i framlegget blir presiserte på ein slik måte at det kan svekkje vilkåra for å halde oppe norsk, særleg nynorsk, i alle delar av samfunnet», skriv Grepstad og Vonen om læreplanforslaget frå Utdanningsdirektoratet.

Tilrådingar til Kunnskapsdepartementet
«Alle framlegg som blir lagde til høyring i denne saka, både for opplæring og vurdering, bør reelt sikre betre vilkår for nynorsk,» skriv Språkrådet og viser til stortingsmeldingane Mål og meining og Språk bygger broer. I brevet kjem Språkrådet med fleire råd om høyringsframlegget som Kunnskapsdepartementet skal sende ut:

  • Språkrådet rår til at det vert drøfta eksplisitt kva funksjon den skriftlege opplæringa har for bruken av nynorsk i samfunnet, og kva konsekvensar eventuelle endringar i norskopplæringa kan få for norsk språk.
  • Språkrådet rår til at krava til skriftleg kompetanse i nynorsk og bokmål vert presiserte som ulike, men ikkje som sterkare eller svakare krav, alt etter kva opplæringsspråk eleven har.
  • Språkrådet rår til at sidestillinga av bokmål og nynorsk vert ført vidare ved at at omgrepa «sidemål» og «hovudmål» ikkje blir innarbeidde i læreplanen.
  • Språkrådet rår til at departementet ber om synspunkt på framlegget om å innføre på ny eit skilje mellom «hovudmål» og «sidemål» i staden for ei uttrykt jamstilling mellom nynorsk og bokmål.
  • Språkrådet rår til at den ulike situasjonen for nynorsk- og bokmålselevar vert drøfta tydelegare og meir presist.
  • Språkrådet rår til at departementet inviterer til å vurdere om kompetansemåla er i samsvar med omtalen av føremåla i norskfaget, eller om der er mishøve som bør rettast opp.
  • Språkrådet rår til at gjeldande ordning for sluttvurdering vert teke med i høyringsdokumentet som ein av modellane for vurdering i norskfaget.
  • Språkrådet rår til at departementet vurderer om endå ein modell bør vere med, til dømes den såkalla paraplymodellen.

Last ned brevet til kulturministeren og kunnskapsministeren her [pdf].

Kontaktinformasjon:

Ottar Grepstad, styreleiar i Språkrådet, tlf. 906 16 727
Arnfinn M. Vonen, direktør i Språkrådet, tlf. 986 25 617
Svein Arne Orvik, informasjonssjef i Språkrådet, tlf. 938 06 923

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter