Ut med språket!

(15.4.11) Kva er god forskingsformidling, og korleis kan det gjerast betre? Torsdag 14. april gjekk seminaret «Ut med språket» av stabelen. Statsråd Tora Aasland opna seminaret, og ei rekkje glitrande innlegg blei serverte, mellom anna av Fredrik Thue, Anders Johansen, Lynn Nygaard og Dag Hessen.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

bilder

Seminaret blei arrangert for å inspirere norske universitets- og høgskuletilsette til å skrive godt norsk for eit stort publikum og reflektere over forskinga sin plass i samfunnet.

Språkrådet, NFF, Tidsskriftforeininga og Universitetsforlaget arrangerte seminaret.

bilder

Vi vil halde fram samarbeidet og legg opp til fleire seminar om forskingsformidling og kåra til norsk i akademia, så følg med!

Sjå programmet for seminaret



 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:15.04.2011 | Oppdatert:19.11.2021