Vedtak i styret i Språkrådet 20.5.2011

1  Framlegget til ny rettskriving for nynorsk gir nynorsk ei moderne, landsgyldig rettskriving. Det systemet med hovud- og sideformer som blei formalisert frå 1938, blir med dette avvikla, og nynorsk blir eit språk meir på linje med andre språk, normert på eige grunnlag.

2  Den nye nynorsknormalen balanserer godt den store talemåls- og skriftspråklege variasjonen som er særmerkt for nynorsk. Framlegget kan gjere det lettare å vere nynorskbrukar, er tydelegare for alle som bruker nynorsk som sidemål, og gjer det enklare å skrive nynorsk rett uavhengig av formell utdanning og språkkompetanse. Den nye nynorsknormalen fører vidare former som er i allmenn bruk blant breie grupper av nynorskbrukarar og sikrar at nynorsk framleis kan appellere til språkbrukarar over heile landet. Med dette framlegget kan dei aller fleste nynorskbrukarar skrive nett som før, og det blir enklare for nye generasjonar å ta til seg dette skriftspråket.
           
3  Den opne prosessen har sikra brei deltaking i arbeidet. Dette har gitt eit godt grunnlag for å vurdere kva endringsframlegg som har brei støtte, og kva det ikkje er mogleg å vinne tilslutning til no. Den sterke posisjonen talemål har fått i Noreg dei siste tiåra, den store variasjonen i skriftspråkleg praksis og den breie debatten har gjort at framlegget i all hovudsak er så tydeleg, enkelt og stramt som det no kunne bli om det samstundes skulle bli akseptert av breie brukargrupper. Mange har strekt seg langt for å oppnå semje. Den semja markerer eit tidvende i arbeidet med nynorsk rettskriving.
           
4  Språkrådet sluttar seg på alle punkt til innstillinga frå rettskrivingsnemnda og rår til at Kulturdepartementet godkjenner framlegget til ny rettskriving for nynorsk med verknad frå 1. august 2012. Av omsyn til det arbeidet som må gjerast før den nye normalen blir teken i bruk, bed Språkrådet om at departementet tek stilling før 1. september 2011.
           
5  Den nye rettskrivinga viser kva som er korrekt nynorsk og gjeld for alle som pliktar å skrive innanfor ein normal. Den store valfridomen inneber at mange institusjonar, organisasjonar og verksemder i praksis kjem til å gjere mange val og fastsetje eigne husnormer. Slike husnormer skal brukast av personar med ulike språklege og kulturelle føresetnader, og dei må vere fagleg godt funderte for at dei skal dekkje dei daglege behova som følgjer av særleg mållova og arbeidet med klarspråk i offentleg forvaltning.
           
6  Språkrådet vil difor fastsetje ei tilrådd norm for nynorsk. Den norma blir eit tilbod som ikkje er obligatorisk å bruke for nokon, men kan gjere det lettare for mange privatpersonar å skrive regelrett og stilsikkert. Språkrådet vil stimulere flest mogleg offentlege institusjonar, produsentar av digitale språkreiskapar, forlag og aviser og andre viktige normagentar til å bruke norma. Språkrådets tilrådde norm blir seinast fastsett på styremøtet i februar 2012. Denne norma blir tilgjengeleg som eit sjølvstendig digitalt dokument frå Språkrådet, men skal ikkje på noko vis markerast i ordbøker eller ordlister. 
           
7  Styret bed fagrådet for normering og språkobservasjon utgreie og gi sine råd om meir overordna spørsmål som rettskrivingsnemnda ikkje kunne prioritere å ta stilling til, særleg valfridomen i kjønn på substantiv og fuge i samansetjing. Dette arbeidet må gjerast uavhengig av innføringa av den nye rettskrivingsnormalen. Likeins bed styret fagrådet om ein plan for mogleg følgjeforsking som kan syne korleis den nye rettskrivingsnormalen verkar over tid.
           
8  Rettskriving i seg sjølv endrar ikkje språkbruksmønster og utbreiinga av eit språk. Språkrådet vil difor halde fram og forsterke arbeidet med tiltak som kan fremje bruken av nynorsk, med særleg vekt på nye og positive tiltak som kan verke.
           
Styret takkar rettskrivingsnemnd, sekretær, administrasjon og fagråd for framifrå arbeid, likeins alle som gjennom synspunkt, innlegg og framlegg har vore med og lagt grunnlaget for ei rettskriving som kan styrkje nynorsk skriftkultur.
           
Styreleiaren får fullmakt til å forme oversendingsbrev til Kulturdepartementet på grunnlag av saksførelegg og drøfting i møtet.

Vedtaket er samrøystes med unntak av punkta 5 og 6, som er vedtekne med seks mot to røyster.


 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter