Samla oversyn over vedtak frå rettskrivingsnemnda

(6.1.11) Rettskrivingsnemnda har laga eit samla oversyn over vedtak for ei ny rettskriving for nynorsk.

På dei to siste møta har nemnda sett alle førebels vedtak i samanheng, og stort sett stadfesta tidlegare vedtak. Vi held såleis fast ved at både i-mål og kløyvd infinitiv skal takast ut or nynorskrettskrivinga. Likeins meiner vi at j-en skal vera valfri i verb som leggja og søkja, og i svake hokjønnsord som bryggje og enkje.

Skule, køyra, mykje, noko og berre blir eineformer, mens da/då, no/nå og so/så blir jamstelte.

Nemnda vil jamstella bøyingsmønstera auge – auget og auga – auga. Det blir valfritt å ha samsvarbøying i partisipp av svake verb (dei er dømt), men i sterke verb skal det framleis vera samsvarbøying (dei er tekne).

Nemnda har hatt som målsetjing å laga ei norm som er tilpassa nynorsken i dagens Noreg, og har bygd på dei formene som folk flest i dag bruker. Mellom anna har vi forenkla der reglane har vore kompliserte. Derfor er det fleire verb som no får valfri bøying, og derfor blir det no valfritt å bruka de og dykk som før, eller dykk både som subjekts- og objektsform. Likeins har vi gått inn for å forenkla bøyinga av substantiv i nynorsk.

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter