Nytt Språknytt

(3.10.11) Det har komme eit nytt nummer av Språknytt. Bladet byr som vanleg på litt av kvart. Du kan lese om korleis det går for seg når ein musikaltekst skal omsetjast frå engelsk til norsk, om ein ny språkpolitisk statusrapport, om den nye rådgjevarstillinga for teiknspråk som Språkrådet har fått, om reforma av nynorsknorma, og mykje meir.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

Intervjuet
Musikalen ”We will rock you”, som var basert på musikken til gruppa Queen, gjekk tidlegare i år for fulle hus på Folketeatret i Oslo. Kva måtte Kjetil Indregaard  ta omsyn til då han omsette dialogane i stykket til norsk?

Artiklar om språkpolitikk
Språkdagen er ein dagskonferanse som Språkrådet held kvart år i november. I år er hovudtemaet norsk språkpolitikk, særleg i universitets- og høgskolesektoren og i arbeids- og næringslivet.

Noreg bør bruke formannskapen i Nordisk ministerråd i 2012 til å styrkje det nordiske språksamarbeidet. Det er ein av konklusjonane i Språkrådets rapport Språkstatus 2011.

Andre artiklar
For første gong har Språkrådet tilsett ein rådgjevar i teiknspråk. Stillinga er oppretta som ei følgje av at storting og regjering har gjeve norsk teiknspråk høgare offisiell status. Kva er målet med stillinga?

Frå 1. august 2012 blir den offisielle rettskrivinga for nynorsk endra. Kulturdepartemetnet har nyleg godkjent eit framlegg frå Språkrådet til ny norm. Kva for delar av norma kjem til å bli endra?

Elles i Språknytt kan du lese om forståelege namn på institusjonar, etatar og firma som blir til ikkje fullt så forståelege namn, om språkarbeid hos UKA-11 i Trondheim, dialektbruk blant vaksne innvandrarar i Oppdal og til sist – ein artikkel om diktaren Kristofer Uppdals språk og språksyn.

Bladet inneheld dessutan dei faste spaltene Lesarspørsmål, Nyord, Kort, Med andre ord og Historia bak.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:03.10.2011 | Oppdatert:19.11.2021