Bedrifter i Trøndelag heidra for godt namnevett

(1.12.11) Ti verksemder i trøndelagsfylka vert heidra med diplom frå Språkrådet for å ha valt gode og kreative norske namn.

Språkrådet deler kvart år ut diplom for godt namnevett til verksemder i eit fylke eller ein landsdel. I år er turen komen til Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag. Diplomutdelinga er eit tiltak for å motverke unødvendig bruk av engelsk i norsk.

Les meir om saka hos NRK Trøndelag.

– Desse gode bedriftsnamna er bevis på at norsk språk duger til alt, også i næringslivet. Språkleik på norsk er ein god medisin mot bruken av engelsk i reklame i Noreg. Bedriftene er svært viktige språkbrukarar. Når ei bedrift – stor eller lita – tek eit godt og kreativt norsk namn, er det med på å styrkje stillinga til det norske språket i samfunnet, seier Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet.

Desse får diplom frå Språkrådet i 2011 for godt namnevett:

  • Bærre Lækkert, Melhus (dameklede)
  • Brød & Cirkus, Steinkjer (restaurant)
  • Form til fjells, Røros (designbyrå)
  • Fritt Spillerom, Steinkjer (musikk, dans og tekstskriving)
  • Kuleramma, Steinkjer (rekneskap)
  • Nattergalen Bar og Kjøkken, Trondheim (restaurant)
  • Oss tållåst Kaffebar, Oppdal (kaffibar)
  • Reinhekla, Fannrem (tekstilar, bunader m.m.)
  • Rørosrypan, Røros (dameklede)
  • To Rom og Kjøkken, Trondheim (restaurant)

Les meir om diplom for godt namnevett her.

På biletet: Arnfinn Muruvik Vonen og Rikke Hauge frå Språkrådet saman med prisvinnar Roar Hildonen frå Tor Rom og Kjøkken.

Kontaktpersonar:

Arnfinn Muruvik Vonen, direktør, tlf. 986 25 617
Rikke Elisabeth Hauge, rådgjevar, tlf. 958 83 820
Svein Arne Orvik, informasjonssjef, tlf. 938 06 923

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter